1. januar 1968
Olav H. Hauge-dagbøkene: Baudelaire kjem meg i tankane når eg les um Dostojevskijs lidingsliv, han òg smidde si naud og sine laster og sin sjukdom um til kunst, endå mykje av hans lagnad var sjølvvalda.
Meir um Dostojevskij. «Was Strafe und Prüfung scheint wird dem Wissenden Hilfe, was den Menschen in die Knie stürzen soll, richtet den Dichter erst eigenlich auf … Jeden Blitz, der ihn trifft, fängt er auf und verwandelt, was ihn verbrennen sollte, in seelisches Feuer und schöpferisches Ekstase.» Zweig (Baumeister der Welt)
Og han held fram: «Was einen Schwächeren zermalmt hätte, stählt diesem Ekstätiker nur die Kraft.»
Og Zweig nemner so Wilde, som òg hamna i tukthus, som døme på korleis ein fin yverklassemann tek denne lagnaden. Wilde skjemmest yver sine medfangar; Dostojevskil søkjer deira lag og vil vinna dei, vera som ein av dei.
Og so fallsykja. Han elska desse stundene då han fekk uppleva ekstasen og synene, då alt loga upp i all-kjensle og samklang. Men etterpå kom naudi og elendet, han kjøpte desse stundene dyrt. Og likevel: han klaga aldri, og vilde ikkje vore sjukdomen forutan. Sjå elles Idioten.
Stutt sagt, kome sorg, kome ulukke, kome sæle og fred, det kjem ut på eitt, berre du brukar det, det skal alt tena til velsigning, dette lærer Dostojevskij’s liv deg.
Baudelaire kjem meg i tankane når eg les um Dostojevskijs lidingsliv, han òg smidde si naud og sine laster og sin sjukdom um til kunst, endå mykje av hans lagnad var sjølvvalda.
Ein annan, av edlare slag, er Nerval, endå han tapte. Fröding er òg ein, endå han ikkje greidde segja ja som Dostojevskij. Nei, det er ikkje mange som han. Ingen.
Hölderlin er noko for seg sjølv, kanskje den største. Det er ikkje sagt han vilde utatt or sitt rike (berget), der var ljuvt å vera, kall han galen, det er ikkje sagt verdi forstår han. Eg kan forstå han. Den skrivingi – kva er vel det, når alt kjem til alt?
Men, og her kjem me inn på noko: Skylnaden for «der einzig wach Wiederkehrenden, peinlichsten Beschreibung aus dem Land der Schatten und Flammen» – koma med den, gjeva att upplevingane.
Det var det Dostojevskij gjorde. Hölderlin tagde. Nerval gjorde mykje, etter evne. Himmel og helvite, liv og død, sæle og avmakt, Dostojevskij prøver ikkje foreina dei i harmoni, nei, han svingar alltid frå eine ytterpunktet til det andre.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.