¿ Røykjande kaninmonster
Sivilisasjonen er som kjent ei tynn hinne, under syd og kokar villskapen.
«This is where they left», 2015, 197 x 330 cm.
Alle foto: Solveig Viken / Nils Aas Kunstnerverksted
Teikning, bøker, animasjonsfilm og installasjon
I Per Dybvigs utstilling ved Nils Aas Kunstnerverksted trer vi inn i ein skremmande, samstundes dragande skog der alt kan hende. Og det gjer det også.
Med minutiøst detaljerte, sirlege strekar med hårnålstynn penn, kombinert med tusj og pensel, skaper Dybvik eit særeige univers. Han har opparbeidd seg eit solid handverk og kan retteleg sleppe seg laus. Det er ein stor kontrast mellom det tilsynelatande impulsive i vala av motiv og den strenge, tidkrevjande forma. Det er som om kunstnaren startar ein stad på arket, så gror figurane fram og tek til å agere saman.
Utan ramme
Dybvig er ein kjend illustratør, ikkje minst for illustrasjonane han har laga for mellom anna barnebokseriane til Marit Nicolaysen om Svein og rotta, og Doktor Proktor av Jo Nesbø. Med åra har han teikna for meir enn 80 bøker. Verka i utstillinga skil seg sterkt frå den skisseaktige og viltre vi kjenner frå illustrasjonsarbeidet. Her er det ei eiga ro over linjene. Trygge, sikre strekar byggjer lett og elegant opp poetiske tablå med fantasifulle skildringar av vegetasjon. Men når ein ser nærare etter, dukkar det opp bisarre element, som skulande kaninmonster og skeptiske fuglar som sit klare til å kaste seg på vengjene.
Ein kan verkeleg undre seg over kva som går føre seg i denne skogen av underlege individ. Det veks greiner ut av kroppen på fleire av dei menneskeliknande skapningane. Kan hende er vi vitne til ein kamp mellom vegetasjon og dyr?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.