¿ Lys levande språkhistorie
Til tider kan boka bli ei langdryg reise for lesaren, men til slutt kjem både forfattar og lesar lattermilde og ettertenkte i mål.
Kristin Fridtun er filolog og forfattar og skriv språkspalta i Dag og Tid.
Foto: Silje Krager
Lytt til artikkelen:
Språket er ei bukse er berre ein av dei overordna metaforane Kristin Fridtun har funne i analysen av norsk språkdebatt frå Ivar Aasens tid til i dag. Buksemetaforen er ein variant av den overordna metaforen «språket er eit kledeplagg». Derfor kan vi snakke om at nynorsk skal vere anten ei olabukse eller ein bunad, eit bruksplagg eller eit stasplagg. Fridtun fortel at leiaren i Noregs mållag, Magne Aasbrenn, ser på språket som ei olabukse, dette fordi han er oppteken av at språket skal brukast til praktiske ting i kvardagen. Då må ein bruke vanlege og velkjende stavemåtar som fremjar kommunikasjonen. Bunadsnynorsken, derimot, har fleire uvanlege ord og former og kan vere tyngre å lese. Sjølv skriv Fridtun ein nynorsk som er ei blanding av olabukse og bunad, eller kanskje er det ein tredje metafor som kan karakterisere språket hennar, ein metafor som framleis ikkje er oppdaga eller analysert fram? Poenget er uansett at vi tenkjer om språk med mange metaforar. Fordi språkbruk er samansett, blir metaforane vi bruker, også det. Nokre gongar bruker vi dei same metaforane, sjølv om vi er rykande ueinige om språkspørsmål.
Seks hovudmetaforar
Fridtun har funne fram til at norsk språkdebatt er prega av seks hovudmetaforar, også kalla overordna metaforar: språket som organisme, språket som naturressurs, språket som system, språket som bygning, språket som kledeplagg og språket som reiskap. Den første og største metaforen er «språket er ein organisme», som til dømes ein plante eller eit dyr, noko som utviklar seg innanfrå. Dette er ein typisk romantisk metafor, mykje brukt av blant anna riksmålsrørsla. Ivar Aasen, derimot, var ikkje like romantisk av seg. Han såg på språket som ein bygning og som ein pågåande byggjeprosess, og får eit godt ettermæle hos Fridtun.
Organismemetaforen får over 100 siders omtale i ei bok på godt over 360 sider, og det er i dette partiet i boka at lesaren blir sett på prøve. Fridtun kan ha rett i at organismemetaforen er ein mykje utbreidd metafor, men framstillinga av metaforen blir ei langdryg reise, der analysen druknar i omfattande kunnskapar om språkhistorie. Fridtun er god til å poengtere, men i omtalen av organismemetaforen ser det ut til at ho ikkje har skarpe nok teoretiske reiskapar.
Artige innspel
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.