¿ Eit mord så låkt

For dei som no vil skru tida attende, kjem ein song om ei hending i 1963.

Bob Dylan ved Kronborg, «Hamlets slott», i Danmark i mai 1966.
Bob Dylan ved Kronborg, «Hamlets slott», i Danmark i mai 1966.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Åtte år etter at han sist gav ut eigne songar, gjev Bob Dylan no ut ein ukjend ballade om mordet på president John F. Kennedy i 1963. Kvifor nett no, vert det spurt. Som andre musikarar har Dylan fått ledig tid. I dag skulle han etter planen hatt fyrste kviledag på ein fire vekers konsertserie i Japan – avlyst på grunn av virusepidemien.

Han har spela meir enn 3000 konsertar og avlyser sjeldan. I 1997 avlyste han ein Europa-turné på grunn av ein infeksjon i hjarteposen. Neste år vert han 80. No kom ein uventa pause. Somme ryd i hagen, andre i arkiva. Der fann han «ein upublisert song som me spela inn for ei tid sidan, og som de kanskje finn interessant». Slik stod det i den korte meldinga som fylgde då han gav ut «Murder Most Foul».

Skoten som ei bikkje

Han resiterer meir enn han syng, som på «Last Thoughts on Woody Guthrie» frå Town Hall i New York i 1963, men no mørkare, langsamare og djupare, med eit varsamt komp: piano, strykarar og visp. Fyrste strofe skildrar rakt og rått sjølve mordet, med hint om dei som stod bak. Versemålet er blandatakt, fjernt frå allsong, i rima kuplettar. Dei fem fyrste:

Det var ein mørk dag i Dallas

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement