¿ Dei gamle svara held ikkje vatn

Denne boka er skriven fordi mykje ny kunnskap er utelaten frå den Libya-utgreiinga som vart tinga av Stortinget i 2017.

Dåverande statsminister Jens Stoltenberg (Ap) besøkte Souda Air Base på Kreta i Hellas, basen til dei norske jagarflya som tok del i Nato-operasjonen i Libya i 2011. Stoltenberg står saman med Morten Haga Lunde, som var nestkommanderande på Forsvarets operative hovudkvarter i Bodø den gongen. Foto: Tore Meek / Scanpix
Dåverande statsminister Jens Stoltenberg (Ap) besøkte Souda Air Base på Kreta i Hellas, basen til dei norske jagarflya som tok del i Nato-operasjonen i Libya i 2011. Stoltenberg står saman med Morten Haga Lunde, som var nestkommanderande på Forsvarets operative hovudkvarter i Bodø den gongen. Foto: Tore Meek / Scanpix
Publisert

Sakprosa

Denne boka handlar om nasjonale vedtak, internasjonale bindingar og politiske saueflokkar. Ho handlar om politikarar som visste lite om krig og mindre om Libya, og om journalistar som traskar i flokk og gjentek det vesle politikarane seier til dei. Boka handlar òg om ei rørande naiv tru på at alt Noreg leverer av produkt og tenester til den fattige verda, kan definerast som gode gjerningar. Og det sjølv om produkta kjem frå Raufoss ammunisjonsfabrikk.

Mellom mars og juli 2011 sleppte norske fly nesten 600 bomber over Libya og var med på å øydeleggje landet. Kvifor? Libya: Krigens uutholdelige letthet granskar kritisk svara som blei gjevne den gongen. Eitt av dei var humanitært: Det var naudsynt å støtte opp om FN som verna libyarane mot diktatoren i landet, Muammar al-Gaddafi, fordi han rusta seg til blodbad. Eit anna svar var tryggingspolitisk: Noreg måtte vise seg som ein god alliert i Nato og stø og styrkje samarbeidet i alliansen.

Samrøystes for krig

Boka er skriven fordi desse gamle svara ikkje held vatn. Mykje ny kunnskap er komen fram. I 2016 kom rapporten til utanrikskomiteen i Det britiske underhuset der det heiter at innbyggjarane i Libya ikkje var truga av blodbad den gongen, og at stormaktene i Nato heile tida hadde som føremål å styrte Gaddafi; dei ville bli kvitt ein bråkmakar og samstundes medverke til at «den arabiske våren» utvikla seg til ein demokratisk sommar.

Denne boka er òg skriven fordi mykje ny kunnskap er utelaten frå den Libya-utgreiinga som vart tinga av Stortinget i 2017, og som vart lagd fram i september 2018. Den norske utgreiinga skil seg så mykje frå den britiske at ein ikkje skulle tru dei handla om den same krigen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement