Meiner Putin bryr seg om folkerett

Mange land sender våpen til Ukraina, men Noreg er meir utsett for russiske mottiltak enn dei fleste, meiner folkerettsjurist Cecilie Hellestveit.

Måndag braut den norske regjeringa med ein 63 år gammal regel og vedtok å sende våpen til eit land i krig. Noreg skal gje 2000 panservernrakettar av typen M-72 til Ukraina som eit bidrag til kampen mot den russiske invasjonshæren, og alle stortingspartia unnateke SV og Raudt støttar avgjerda.

Med dette går Noreg inn i rekkja av europeiske land som støttar Ukraina med våpen. Likevel er ikkje dette vedtaket utan risiko for Noreg, meiner Cecilie Hellestveit, som er jurist med krigens folkerett som spesialfelt. Ho har i fleire intervju og debattar denne veka åtvara om at våpengåva til Ukraina gjer Noreg til ein «medkrigar».

– Vi kan sende masse naudhjelp til eit land i krig utan problem, men om vi sender våpen, endrar det spelereglane. Det gjer oss ikkje til ein part i krigen, men vi har teke stilling. Og det er opp til russarane å avgjere om dei vil svare med tiltak i grensetraktene mot Noreg. Eg seier ikkje at Noreg med dette er part i ein krig med Russland. Men ved å sende våpen eksponerer vi oss sjølve for ein større risiko. Vi kastar ballen over til Moskva, seier Hellestveit.

Som moglege russiske mottiltak har Hellestveit før nemnt kyberåtak på Noreg, provokasjonar i nordområda eller tiltak for å blokkere leveransen av dei norske våpena til Ukraina. Russisk UD har på si side åtvara land som sender våpen til Ukraina, om at Russland vil halde dei «ansvarlege for eventuelle konsekvensar» ved bruk av våpna.

Kald krig

Da Noreg i 1959 vedtok at norsk militært materiell ikkje skulle sendast til land i krig, var det med den kalde krigen som bakteppe, påpeikar Hellestveit.

– På den tida var regelen at USA og Sovjetunionen var innblanda i dei fleste krigar rundt i verda, og norsk våpeneksport kunne involvere Noreg i spelet mellom supermaktene. Den typen risiko har ikkje vore særleg relevant dei siste 30 åra. Risikoen har heller vore at våpen kan hamne i hendene til terroristar eller brukast til krigsbrotsverk. Og i Noreg har vi blitt vande til at bruken vår av militærmakt i utlandet – i Kosovo, Afghanistan, Libya og Syria – ikkje har kostnader for oss her heime. Situasjonen no er annleis.

– Venstre-leiar Guri Melby meiner du skremmer folk i utrengsmål?

– Eg meier det er viktig at både folk flest og politikarar i Noreg skjøner at det å sende våpen til eit land i krig med Russland ikkje er symbolpolitikk. Det er ikkje mine ord ein skal frykte i denne situasjonen, seier Hellestveit.

–?Eg kritiserer ikkje avgjerda regjeringa har teke. Men det er viktig at vi er klar over kva dette vedtaket inneber. For oss er det ein viss risiko, fordi det opnar eit rom for kva Russland kan gjere mot Noreg. Men her må ein vege ulike interesser opp mot kvarandre, og eg går ut frå at det er det politikarane har gjort. Truleg ser dei det som ein større risiko for norsk suverenitet på sikt om Russland får ta Ukraina.

Verna av EU

– Ei lang rekkje europeiske land har vedteke å sende våpen til Ukraina no. Risikoen for russiske represaliar er dermed fordelt på mange statar?

– Ja, men det er ikkje ein risiko som er likt fordelt. Noreg har grense mot Russland og er sårbar i nord. Dei andre europeiske landa som sender våpen, er med i EU, og det gjev dei eit visst vern. EU har bevisst valt å sende våpen av denne årsaka: å gjere det klart at om Russland gjer noko mot eit EU-land, er det EU som vil svare. EU-landa har ein felles overbygning, og det er eit vern Noreg ikkje har. EU har slett ikkje brukt alle verktøya i kassen sin mot Russland enno.

– Andre land pådreg seg truleg større risiko enn Noreg gjer. Finland har òg sendt våpen til Ukraina. Finnane har ei over 1300 kilometer lang grense mot Russland og er ikkje medlem i Nato?

– Men Finland er medlem av EU, det er ikkje vi. I tillegg har Finland ikkje bygd ned den militære kapasiteten sin på same vis som Noreg har. Finnane har framleis eit mobiliseringsforsvar som no er sett i beredskap, det har ikkje vi.

– Nato er ein militærallianse og bør dermed gje Noreg eit betre vern enn EU-medlemskapen gjev Finland?