Mangfaldige marsjar

Luftforsvarets musikkorps, som her flankerer eit F-16, held til i Trondheim.
Luftforsvarets musikkorps, som her flankerer eit F-16, held til i Trondheim.

CD

Ymse komponistar:

Våre favorittmarsjer

Luftforsvarets musikkorps; dir.: Leif Arne Pedersen.
Lawo 2018

Gode marsjar skal ha særmerkte melodiar og streng form med jamne periodar på til dømes 8 eller 16 taktar. Men innanfor desse rammene kan det skapast ulike uttrykk og affektar – det syner Luftforsvarets musikkorps på albumet sitt, som er ein tour de force i teknisk presisjon.

Marsjar der bassen ber melodien, tykkjer eg er særleg suggererande, slik som innleiinga til Invictus av amerikanaren Karl L. King (1891–1971). Men òg melankolske melodiar gjer susen, som Erling Mostads (1913–1966) Dragonregiment nr. 3’s honnørmarsj. Dette er ein heilnorsk marsj, for ikkje berre finst her musikalske sitat frå gamle norske militærsignal. Her er òg ein alvorsam, mest slaviskklingande halling frå Mostads heimstad Frosta.