Musikk
Lys og mørker
Oslo Strykekvartett utforskar spenninga mellom dur og moll.

Tema for Oslo Strykekvartetts album er forholdet mellom dur og moll, dei to tonekjønna som i dag gjerne blir sette i samanheng med kjenslene «lystig og glad» (dur) og «trist og alvorsamt» (moll). At denne oppfatninga historisk sett er ei grov forenkling, greier kvartettens cellist Øystein Sonstad ut om i den grundige omslagsteksten.
Mørk tid
Fyrste stykket på plata er Ludwig van Beethovens (1770–1827) Strykekvartett nr. 11, op. 95, som går i den tragiske tonearten f-moll. Stykket blei til kring 1811, som var ei mørk tid for komponisten. Han hadde nemleg bede om handa til to kvinner, som begge takka nei. Sjølv om han alltid hadde ynskt å stifta familie, blei det aldri noko av. Det hadde fleire grunnar: Som Wiens fremste musikkgeni hadde han tilgjenge til byens finaste sosietet, men damene han møtte og fall for der, var som regel langt over hans stand – ekteskap mellom ein middelklassemann og ei adelskvinne ville blitt skandale i Wien den gongen. Dessutan var han tverr og uberekneleg. Var han i godlynne og sjarmerte folk i senk eine kvelden, kunne han ha svartsynet over seg neste kvelden og fornærma alt som kraup og gjekk. I tillegg var det dette med utsjånaden. Kroppsvask og hårstell brydde han seg lite med, og kjøpte han seg ei dyr og stilig drakt, noko han stundom gjorde, bar han henne kvar einaste dag til det berre var filler att.
Retorisk overtyding
Verket er eit av dei få som Beethoven sjølv gav tilnamn, nemleg quartetto serioso. Det syner ein uvanleg komprimert komposisjonsmåte, med tette harmoniar og intense melodiar som blir intensiverte gjennom abrupte pausar. At Oslo Strykekvartett greier å hanskast med dei mange brå skifta mellom dystopi og glimt av solskin, merkar me i dei fyrste taktane av fyrstesatsen allegro con brio («raskt og energisk»), for unisono-partia, der alle instrumenta spelar éin og same melodi, har eldhug og retning, og generalpausane, der alle instrumenta teier, er utførte med retorisk overtyding.
Bivrande akkordar
Det andre stykket på plata er Franz Schuberts (1797–1828) Strykekvartett nr. 15 i G-dur, D 887, som er den siste strykekvartetten hans. Her er òg vekslingar mellom ljos og mørker, men Schubert tek seg meir tid enn Beethoven til å etablera stemningane og variera dei musikalske temaa. Durpassasjen, som byrjar i takt 15 i opningssatsen allegro molto moderato («moderat raskt»), der fyrstefiolinen har melodi og resten av strykarane bivrar på linne akkordar, er noko av det vakraste og såraste eg kjenner frå Schuberts hand. Også her evnar Oslo Strykekvartett å fanga stemninga i dei ulike kjensleuttrykka.