Musikk
Lyrisk let
Eugene Asti spelar Brahms’ klavermusikk på eit Steinway-flygel frå Brahms’ tid.

I 1890 tykte den 57 år gamle Johannes Brahms at han hadde gjort sitt som komponist. Han var musikklivet i Wiens grand old man, med ei rekkje store verk bak seg som framleis har ein sentral plass i det klassiske repertoaret: fire store symfoniar, to klaverkonsertar, fiolinkonserten, dobbelkonserten for fiolin og cello, i tillegg til ei mengd solo-, kammer- og kyrkjemusikk. Det var desse han ynskte bli hugsa for. Difor sette han i gang med å destruera mykje av brevkorrespondansen sin og noteskisser han ikkje ville at ettertida skulle sjå.
Men pensjonisttilværet varte ikkje lenge. Så hugteken blei han over den søte, uttrykksfulle tonen til ein av verdas fremste klarinettistar den gongen, austerrikaren Richard Mühlfeld, at han tok opp att komponeringa: fyrst ein serie kammermusikkverk med klarinett, som han dediserte Mühlfeld, så ein serie stutte stykke for klaver.
Kjenslerik
Det er desse seine klaververka, publiserte i 1892 og 1893, den amerikanske pianisten Eugene Asti spelar på det nye albumet sitt. Sjølv om Asti er mest kjend som akkompagnatør, syner han seg her som ein dyktig solist, med ein spelestil som høver bra til desse verka, som ofte har ein kjenslerik og melankolsk grunntone. Eg tenkjer her til dømes på den tunglyndte «Intermezzo: Andante» frå Fantasien, op 116: I fyrste og siste del av stykket, som er i tredelt «liedform» (A–B–A), strekkjer han dei små pausane mellom frasane maksimalt, noko som får musikken til å sveva.
Gamalt flygel
Men Asti kan òg gripa hardt i klaviaturet, noko han gjer i den drivande «Ballade: Allegro energico» frå Klavierstücke, op 118, som har energi som eit fossefall. Også her syner han fin sans for fraseringsdetaljar; særleg smakfull er bruken av den for romantisk musikk så viktige bøyinga og tøyinga i tempoet som ein kallar rubato. Interessant er òg Astis instrument: eit Steinway-flygel frå 1893 med varm og rund klang, som faktisk blei bygd same året som Klavierstücke kom ut, noko som gjev albumet ein spanande tilleggsdimensjon.