Musikk
Lydleg dampvegvals
Matthias Goerne snyter oss for dei uttrykksfulle harmoniane i Bachs solokantatar for bass.

Dette er ei av dei innspelingane der songar og orkester ikkje passar saman i det heile. Freiburger Barockorchester, under leiing av den norsk-tyske fiolinisten Gottfried von der Goltz, læt lytelaust, med slank og fin strykarklang. Oboane blandar seg perfekt med dei høge strykarane og skaper den klanglegeringa mellom obo og fiolin som er så typisk for barokkmusikken. Dette står i grim kontrast til songsolisten Matthias Goernes kontinuerleg skjelvande vibrato som aldri innordnar seg i ensembleklangen.
Den operaaktige vibratoen til denne tyske barytonen er så stor og tung at grunnsubstansen i røysta blir uklår – me blir snytte for Johann Sebastian Bachs (1685–1750) raffinerte veksling mellom konsonante og dissonante harmoniar i kyrkjekantatane, for oppløysinga av dei skjerande dissonansane forsvinn stundom heilt. Goerne er ein habil tolkar av det romantiske og modernistiske opera- og liedrepertoaret, sjangrar der han er ei absolutt verdsstjerne. Men frå eit barokkmusikkperspektiv har operaen «øydelagt» han, for han er blitt ute av stand til å tilpassa seg andre klanglandskap enn det romantiske.
Eg skjønar at Freiburger Barockorchester vil ha store solistnamn på plateomslaga sine; slik ynskjer dei å selja meir plater. Men i dette høvet går stjernejakta deira på kostnad av den kunstnarlege integriteten. Det er synd, for det finst så enormt mange gode solistar der ute dei kunne valt i staden for den lydlege dampvegvalsen Goerne.