Musikk

Lydar frå skjenkestova

Barokksolistene gjev oss dåmen av Englands fyrste offentlege konsertar.

The Alehouse Boys.
The Alehouse Boys.

CD

Purcell, Playford, O’Carolan, trad.:

The Alehouse Sessions

Barokksolistene; fiolin og leiing: Bjarte Eike. Rubicon 2017

I 1630 var det over 30.000 registrerte alehouses i England og Wales, skjenkestover der gjestene drakk gjennomsnittleg åtte halvliterar øl per hovud til dagen. At dette kunne gå til hovudet på klientellet, og at nivået på songen og musiseringa deira blei deretter, er forståeleg. Men etter at den engelske borgarkrigen braut ut i 1642, skulle nivået endra seg. Då fekk nemleg instrumentalistane, songarane og skodespelarane ved hoffet fyken, og dei måtte sjå seg kring i gatene etter andre måtar å livberga seg på.

«Musick Houses»

Det var vel slik den gongen som no: at ein del profesjonelle musikarar er svært dyktige på sin ting, men temmeleg ubrukelege til mykje anna. Mange arbeidslause hoffmusikarar var difor tvinga til å spela på pubar og i vertshus for å overleva. Dette tydde ei profesjonell degradering for kunstnarane, men ei oppgradering for pubmusikken: Dei møttest for å improvisera i lag, spela gamle hoffstykke etter minnet og laga variasjonar over folkelege songar som pubgjestene kravde å høyra. Slik oppstod ein ny vertshustype, såkalla musick-houses, som markerte byrjinga på det offentlege konsertlivet i England.

Improvisatorisk dåm

Det er atmosfæren og repertoaret frå desse pubkonsertane det norske ensemblet Barokksolistene under leiing av fiolinisten Bjarte Eike freistar å attskapa på plata The Alehouse Sessions. Det vil seia: repertoaret er jo ikkje overlevert, for musiseringa den gongen blei for det meste gjort på ståande fot. Og sjølv om musikken hadde vore overlevert, ville rein reproduksjon ikkje ha fanga opp atmosfæren under pubkonsertane. Difor tek Barokksolistene berre utgangspunkt i 1600-talsrepertoaret, og improviserer vidare på det. Resultatet er blitt eit allsidig album fullt av overraskingar, der musikarane lukkast betre enn dei fleste i å skapa ein truverdig improvisatorisk dåm.