Luther og landsmålet

Kvifor markerte reformasjonen slutten på det gamle norske skriftspråket vårt?

Per Halse er fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.
Per Halse er fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.

Føredrag

Per Halse:

Luther og dei
språklege fylgjene av reformasjonen

Museet i Ivar Aasen-tunet,
sundag 2. juli


Ho blei etter kvart ein fuktig affære, festspelgudstenesta i uteamfiet i Aasen-tunet på sundag, så det fylgjande arrangementet «På kyrkjebakken» måtte flyttast inn i Aasen-museet. Her heldt Per Halse eit av dei beste føredraga under årets festspel, med denne problemstillinga: For andre nordeuropeiske nasjonar markerer reformasjonen starten på dei nasjonale skriftspråka, medan han i Noreg markerer slutten. Korleis kunne dette skje?

Folkeleg språkbunad

Halse har teke doktorgrad på framveksten av nynorsk kyrkjespråk frå 1859 til 1908. Innleiingsvis siterte han presten, salmediktaren og folkeminnesamlaren frå Måsøy i Finnmark, Magnus Brostrup Landstad, som i 1862 hevda fylgjande: «Gjennem Salmebogen, Bibeloversættelsen og det hele literære Apparat, som ledsagede Reformationen, er det Tydsk-Danske kommet ind, og samme Vei maa det vises ud. Reformationen, som andre Steder bragte Folkesproget frem, tjente hos os til at fortrænge det. Vi fik danske Præster, dansk-tydsk Bibeloversættelse, Salmebog, Andagtsbøger o.s.v. Folket tog til takke, hungrig som det var, men tygger endnu derpaa uden rigtig at kunne svælge det.»

Hadde Landstad rett i dette? Reformatorane var då opptekne av å fremja folkespråka? Jau, Martin Luther arbeidde på 1500-talet hardt med å få evangeliet ut til det me i dag ville kalla «folk flest». Då laut Guds ord ikledast ein språkbunad som ikkje berre høvde eliten – «ein lyt lytta til korleis mødrer talar og tenestetauser uttrykkjer seg», hevda han. Vel fanst der lokale bibelomsetjingar før reformasjonen. I Noreg har me til dømes den gamalnorske Stjórn («Styring») frå 1300-talet, som inneheld delar av Det gamle testamentet. Men nytt ved Luthers heilskaplege omsetjingsarbeid var den folkelege tonen, meinte Halse.

Nyanserande

Både svenskar, danskar og islendingar fekk Bibelen på sine eigne språk på 1500-talet. Kvifor fekk ikkje me nordmenn det? Halse nyanserte her tesen til Landstad. Reformatorane innførte ikkje det danske språket i Noreg, for det norske skriftspråket hadde alt vore på vikande front i fleire generasjonar før reformasjonen. Frå midten av 1400-talet blei alle kongebrev skrivne på dansk, og då danske Erik Walkendorf tok over erkebispesetet i Trondheim i 1510, innførte han dansk som permanent kyrkjeleg tenestespråk. «Reformasjonen konsoliderte ei utvikling som alt var i gang», konstaterte Halse.

Grunnen til at islendingane, som jo òg låg under Danmark, fekk sin morsmålsbibel den gongen, er at dei på ein heilt annan måte makta å verna om språket sitt. Dette hadde med den sterke, ubrotne skriftspråktradisjonen frå sagatida å gjera.

Inga åndeleg rørsle

Halse nemnde noko lutheranarar her på berget gjerne gløymer: At reformasjonen i Noreg ikkje var noka åndeleg folkerørsle, slik som i Tyskland; han kom uformidla og bardust på oss som fylgje av kongeleg maktpolitikk i Danmark. Nordmennene fekk i 1536 tredd nyordninga nedover seg med eit kongebod, som blei sanksjonert med militær makt året etter. Noreg mangla elles eit åndeleg miljø som kunne formidla eit kall av det slaget Luther brann for, difor heldt mange bygder dei gamle katolske skikkane i hevd i fleire generasjonar etter ombrotet. «Overgangen til protestantisk tru og tenkjemåte hadde nok gått raskare om den nye læra hadde blitt formidla på norsk», meinte Halse.

Terp på grannemålet

Det tok altså tid før lutherdomen nådde det norske folkedjupet. Den nye læra blei i liten grad folkeeige før salmediktarar som Dorothe Engelbretsdotter og Petter Dass i andre helvta av 1600-talet sette Luthers lære på rim, hevda Halse. Desse diktarane nytta gjerne folkelege og til dels norske uttrykk, men heilskapen i skriftbildet var så absolutt dansk. Slik blei det framande målet stadig meir nærverande i livsverda til vanlege landsens folk. Innføringa av konfirmasjonen i 1736 og den konfirmasjonsførebuande allmugeskulen i 1739 forsterka dette. For borna måtte no pugga salmar, bibelvers og katekisme på dansk – «det nye på 1700-talet var at ein ikkje berre lytta til dansk, ein måtte jamvel lesa og læra utanåt på det framande bokspråket», som Halse formulerte det.

Hundreår for seint

Spesielt interessante var refleksjonane som avslutta føredraget: Reformasjonen i Noreg blei i grunnen ikkje fullendt før i slutten av 1800-talet, då kyrkjemenn som Elias Blix, Bernt Støylen og Anders Hovden etablerte eit heimleg kyrkjemål, med liturgi, bibel og salmebok på landsmål. Her siterte Halse talen historikaren og teologen Berge Furre heldt under Dei nynorske festspela i 1996, der han sette det kyrkjelege målstrevet i perspektiv: «Eg trur vi får fram dimensjonane ved dei som reiste eit nynorsk kyrkjemål, når vi ser at dei fullførte reformasjonen i Noreg. Dei gjorde i Noreg det Luther gjorde i Tyskland: Gav oss Guds ord på folkets mål.»

«Reformationen, som andre Steder bragte Folkesproget frem, tjente hos os til at fortrænge det.»

Magnus Brostrup Landstad (1802-1880)