¿ Livssonatar

Det er truverd over Eldbjørg Hemsings tolking av Griegs tre fiolinsonatar.

Fiolinisten Eldbjørg Hemsin er frå Valdres.
Fiolinisten Eldbjørg Hemsin er frå Valdres.

Klassisk

Edvard Grieg:

The Violin Sonatas

Eldbjørg Hemsing, fiolin; Simon Trpceski, klaver.
BIS 2020

Lytt til artikkelen:

«Disse 3 Værker hører til mine bedste og repræsenterer Perioder i min Udvikling, den første, naive, rig på Forbilleder, den anden, nationale og den tredie med den videre Horisont.» Slik skildra Edvard Grieg sine tre store sonatar for fiolin og klaver i eit brev til Bjørnstjerne Bjørnson på nyåret 1900.

Desse tre livsfasane får me høyra på Eldbjørg Hemsings nye Grieg-album, der ho i tillegg til fiolinsonatane gjev oss eit lite, sjølvkomponert variasjonsverk over ein folketone frå heimbygda hennar, Valdres. Ved klaveret sit makedonske Simon Trpceski, som med intelligent akkompagnement bidreg til å gjera denne Grieg-tolkinga uvanleg god.

Sprettande springar

Fiolinsonate i F-dur, op. 8, blei til i Danmark i 1865, rett etter Griegs studietid i Leipzig. Kommentaren til komponisten og klavervirtuosen Franz Liszt om at stykket synte «et talent som bare trenger å følge sin naturlige bane for å nå et høyt nivå», var ikkje berre tom smiger. Vel er sonaten «rig på Forbilleder», men Grieg har her funne fram til si eiga røyst, fjernt frå konservatismen ved Leipzig-konservatoriet. Høyr berre den nyskapande midtdelen (trioen) i andresatsen «Allegretto quasi andantiono»: Ut frå den temmeleg tyske hovuddelen bryt ein sprettande springar, ein hardingfelemelodi der Hemsing slår klanglege gneistar med fiolinen sin.

Fiolinsonate i G-dur, op. 13, er «den nationale», komponert i Kristiania sommaren 1867. Her får me for alvor høyra norsk-nasjonalt uttrykk støypt i tysk-romantisk form. Nytt er at dei friske springarrytmane og feleornamenta ikkje berre fungerer som musikalsk rosemåling, men festar seg som del av sjølve strukturen. (Den austerrikske kritikaren Eduard Hanslick let seg elles ikkje overtyda, og omtalte Grieg som «ein Mendelssohn i selpels».)

Harmonisk stempel

Fiolinsonate i c-moll, op. 45, blei komponert på Troldhaugen i 1886. Dette er verket med «den videre Horisont» – det er som om alt politisk program og musikalsk målstrev er lagt til sides, og summen av Griegs menneskelege og kunstnarlege røynsler trer fram. Den vakre andresatsen «Allegretto espressivo alla Romanza» blir innleidd med rike, men ikkje overlessa akkordar, som ber Griegs umiskjennelege harmoniske stempel. Pianisten Trpceski syner seg som utprega melankolikar, medan Hemsing i den snøgge midtdelen demonstrerer god intonasjon, kvikk bogeføring og sparsam, men effektfull vibratobruk.