Musikk

Livfulle bilete

Colibrì Ensemble introduserer ein gløymd tysk romantikar.

CD

Robert Schumann, Norbert Burg-müller:

Klaver-
konsert og symfoni

Colibrì Ensemble; klaver og leiing: Alexander Lonquich. Odradek 2018

Den tyske pianisten og dirigenten Alexander Lonquich og det italienske kammerorkestert Colibrì Ensemble gjev oss her to verk av to tyske komponistar som begge kom til verda i 1810. Den eine har ein fast plass i den klassiske musikkanonen, medan den andre er ukjend for dei fleste – òg for meg før eg sette CD-en i spelaren.

Introvert grunnhått

Lat oss byrja med det kjende verket, nemleg Robert Schumanns Klaverkonsert i a-moll, op. 54 (1845), som er prega av ein nesten naiv, fantaserande sentimentalitet. Ved fyrste augekast (eller øyrekast) syner konserten likskapar med Griegs drygt 20 år yngre «a-mollkonsert», mellom anna tonearten a-moll og måten fyrstesatsen byrjar på: med eit «smell», etterfylgt av klaverklangar som styrtar frå toppen og ned til botnen i registeret. Men ulikt Griegs briljante virtuoskonsert er Schumanns stykke meir drøymande, for sjølv om solisten innimellom får briljera teknisk, er grunnhåtten avdempa introvert.

I fyrstesatsen «allegro affettuoso» greier pianisten Lonquich å skapa noko nytt kvar gong det lengtande hovudtemaet kjem attende. Og med raffinert pedalbruk får han i stand lange legati (melodifrasar der tonane ikkje er skilde frå kvarande, men blir artikulerte samanhengande), utan at det av den grunn blir mindre klårt.

Dauden i kurbadet

Den andre komponisten er Norbert Burgmüller, som er representert med Symfoni nr. 2 i D-dur, op. 11 (1835). Til liks med Schumann var han ein plaga mann; begge var psykisk sjuke, men Burgmüller leid i tillegg av så sterk epilepsi at det hindra han i å leva eit sosialt liv. Lidinga blei òg lagnaden hans: 26 år gamal drukna han i eit kurbad i Aachen, truleg som fylgje av eit anfall.

Burgmüllers temmeleg ukjende symfoni frå 1835 blei aldri ferdig. Venen Schumann fullførte tredjesatsen ved å orkestrera han, medan finalesatsen – symfoniane skulle ha fire satsar den gongen – manglar. Dei tre satsane Colibrì Ensemble spelar, syner oss ein komponist på god veg til romantikkens lidenskaplege, formalt storfelte tonekunst. Fyrstesatsen «allegro moderato» kan minna om Beethovens «Pastoralsymfoni», med landleg punkterte rytmar i strykarane og lange, parallellførte melodi-
liner i treblåsarane. Ikkje berre er det symfoniske handverket lytelaust. Bergmüller maktar òg å mana fram levande bilete i lyttaren. Til dømes i byrjinga av fyrstesatsen, der eg får kjensle av eit sommarleg ettermiddagsuvêr i emning over eit idyllisk tysk kulturlandskap.