Musikk
Livfull liveinnspeling
Nyanserik klangdisposisjon og logisk fraseforming utmerkjer Andris Nelsons’ nye Bruckner-album.

På nyåret skal Andris Nelsons overta sjefdirigentstokken for det tradisjonsrike Gewandhausorkesteret i Leipzig, noko eg som bur i byen, gleder meg stort over. Men diskografien med dette symfoniorkesteret er dirigenten alt i gang med, for her kjem fyrste CD-en i serien med den austerrikske komponisten Anton Bruckners symfoniar: ei liveinnspeling av den frodige Symfoni nr. 3 i d-moll (1888/89-versjonen), supplert med Richard Wagners (1813–1883) Tannhäuser-ouverture. Sistnemnde hadde urpremiere som konsertstykke i 1846 med nettopp Gewandhausorkesteret, den gong dirigert av Felix Mendelssohn, ein av forgjengarane til Nelsons i sjefdirigentstillinga.
Nelsons’ tolking er nyanserik; fraseringa er naturleg, tempo- og karakterovergangane er elegante, og dei dynamiske forskjellane er logisk disponerte. Dessutan har CD-en ein imponerande god lydkvalitet, der alle ukvæmlege publikumslydar – slike som ved gjentekne gjennomlyttingar av CD-en går ein på nervane – er reinska fullstendig ut. På eit godt stereoanlegg er denne produksjonen ei stor lyttaroppleving, der detaljar som «snerringa» frå kontrabassbogane i fortissimopartia gjev liv og realisme.