Musikk
Liding som lagnad

Wienaren Franz Schubert (1787–1828) synte ei veldig ovundring andsynes den eldre komponistkollegaen Beethoven. «Kven maktar å gjera noko etter Beethoven?», spurde han retorisk i eit brev til ein ven, den keisarlege lotteridirektøren riddar Joseph von Spaun.
Svaret er «Schubert». I Klaversonaten i B-dur, D960, som han komponerte like før han døydde, høyrer me den særmerkte schubertske tonen i si reinaste form. Beethovens klaversonatar har mykje lidenskap, liding og lagnadskamp. Men det kontemplative ved å akseptera lidinga som lagnad, er det ingen som evnar å uttrykkja betre enn Schubert. Dette har den canadiske pianisten Marc-André Hamelin skjøna, for tolkinga hans av B-dur-sonaten treffer tonen perfekt.