Film
Lett om tyngda av å vera ung
Det skal vera kjekt å sjå på tenåringsfrustrasjonar, og Booksmart er superkjekk.

Molly (Feldstein) og Amy (Dever) er nerdane på vidaregåande og innser fyrst siste dagen på skulen at dei aldri har festa skikkeleg. Er det for seint å få kombinert det skuleflinke ettermælet med eit som kule festløver? Og får dei sjans på draumedama og draumemannen?
Framtidspositivisme
Dei to besteveninnene Molly og Amy er akkurat så besteveninnete som ein skal vera i amerikanske high school-filmar – mange høge handaklask og «yay, girlfriend!» og passeleg grovt putesnakk på jenterommet. Den ganske lauslege sjangeren ungdomsfilmar vil, så lenge dei er gjorde bra, appellera til eit breitt spekter, frå godt vaksne til tweenåringar. Grunnen er sjølvsagt at dei fleste av oss som har gått på vidaregåande, vil kunna hugsa tilbake på våre eigne (langt mindre kulare) dagar på trauste, norske gymnas, og dei yngre vil alltid drøyma om dei (forhåpentlegvis minst like kule) dagane dei har framfor seg. Og så er high school-filmar ein utmerkt lakmustest på kva som er i ferd med å bli gjengs i samfunnet.
Difor er det svært gledeleg at det ikkje er eit tema at Amy er lesbisk eller at Molly er langt frå Hollywood-tynn. Sjølv om det diverre er langt frå så enkelt i røynda for alle, gjer det godt å få tru at slankehysteriet og homofobien er eit tilbakelagt stadium – det viser i det minste ein vilje til å tenkja at slik kan det bli. Og kven skal få oss på betre tankar, om ikkje engasjerte, overoppheta ungdommar som skal veksa opp og forhåpentlegvis tola litt mindre urett enn det me gjer?
Venskap
Kvar high school-film med respekt for seg sjølv og sjåaren bør ha eit stort rollegalleri – nerdane, bimboane, tøffingane, femiane, dei med pengar, dei upopulære – og alle må tilsynelatande stå i skarp kontrast til kvarandre og helst vera uvener. Heilt til dei skjønar at det er jo ganske bra å vera forskjellige. Igjen – det er jo sånn verda burde vera og til dels er.
Booksmart klarar kunststykket å halda mange karakterar i spel, nok til at me blir kjende med dei og dermed blir glade og overraska når dei gjer motsett av det me forventar. Elementa av det føreseielege uventa må til. Så sjølvsagt må det verta kjekling; god gamaldags fyllekrangling mellom hovudpersonane. Korleis eller skal venskapen verta testa? Og dette er jo ofte kjernen i denne typen filmar: Venskapen mellom to som har eksistert i ei trygg og naiv boble i årevis for så å vera i ferd med å sprekka når verda utanfor pressar seg på. Beanie Feldstein som spelar Molly, er systera til Jonah Hill, som sjølv slo gjennom med tøysete Superbad (2007). Samanlikninga står seg godt og viser også kor like kjønna eigentleg er i denne alderen: Det viktigaste i livet er å ha ein kompis du stoler hundre prosent på. Ja, og så sex, då.