Musikk
Lett og transparent
Mozarts rokokkokonsertar kling best på originalinstrument.

Med god grunn er Konsert for fløyte og harpe i C-dur, KV 299, eitt av W.A. Mozarts oftast framførte verk. For den delikate besetninga, med kvitrande fløyte og perlande harpe, gjev ein heilt spesiell grunnklang, i tråd med rokokkoens sans for det forfina, lette og grasiøse. At komponisten var temmeleg uinspirert då han komponerte stykket i Paris i 1778, er uråd å høyra. Men or eit brev han skreiv til far sin, Leopold, i Salzburg, kjem det fram at han hadde sans korkje for kombinasjonen av dei to soloinstrumenta eller for den musikalsk gåvelause parisiske patrisiardottera som gav verket i oppdrag.
Rokokkonips
Spelt med moderne instrument, slike som er vanlege i dagens symfoniorkester, fungerer dobbeltkonserten dårleg; eg kjenner til fleire innspelingar som læt like smaklaust som den billege rokokkonipsen Mozart-suvenirsjappene i Salzburg prakkar på turistar. Men i hendene på det nederlandske ensemblet Anima Eterna kjem det lyttarvenlege verket til sin rett. Dei spelar nemleg på originalinstrument (eller kopiar av slike) frå 1700-talet, som læt lettare og meir transparente enn moderne instrument.
Firehendig klaverspel
Concertos kom i 2005, og er no tilgjengeleg i rimeleg andreutgåve. Ho inneheld òg to andre konsertar: Hornkonsert nr. 3 i Ess-dur, KV 477, der solisten Ulrich Hübner i sistesatsen allegretto manar fram landlege bilete av adeleg parforsejakt til hest. Og Konsert nr. 10 for to klaver i Ess-dur, KV 365, som er så virtuos at ein går ut frå at Mozart komponerte han som glansnummer mynta på seg sjølv og storesystera Maria Anna, ho som i familien blei kalla «Nannerl» og sjølv var ein dugande pianist. På plata spelar Anima Eternas belgiske dirigent Jos Van Immerseel hammarklaver, klavertypen som var vanleg på Mozarts tid, og syner seg som ypparleg solist.