Ynske for språkåret 2021

Publisert

Fyrst ei positiv melding: I 2020 ser vi ut til å ha sloppe dei meiningslause namneendringane vi har måtta slita med dei siste åra, som OsloMet, Viken, Vestland, Ruralis og Equinor. Bra!

Men her fire nøkterne ynske for språkåret 2021:

Den nye språklova som skal vedtakast til neste år, må koma med krav om at ikkje berre statsorgan, men også selskap der staten er majoritetseigar, skal rådføra seg med og lytta til Språkrådet ved namneendringar. Då kunne vi unngått namn som Vy. Namn på statlege organ og verksemder treng ikkje vera moderne og fikse. Dei skal vera sjølvforklarande og attkjennelege for publikum.

Skulane må skjøna at den digitale undervisninga må avgrensast sterkt. Elevane lærer best gjennom vanlege fysiske lærebøker og ved å skriva med blyant på papir.

NRK må tilsetja korrekturlesarar til nettsidene sine. NRK har no ei av dei mest lesne nettavisene i landet. Det forpliktar. Språket må røktast kvar dag av kompetente fagfolk. Då held det ikkje med maskinkorrektur og at deskarbeidarane skal lesa korrektur imellom alt det andre arbeidet. NRK har eit budsjett på over seks milliardar kroner og bør ha råd til korrekturlesarar.

Universiteta og høgskulane våre må endeleg ta kampen mot engelsken på alvor. Å hindra at engelske ord og vendingar breier om seg, er det viktigaste språkstrevet vi kan driva med, ikkje minst i høgre utdanning. Då kan ikkje dei tilsette ved Kunsthøgskulen i Oslo, i eit nyleg felles klagebrev til styret, skriva på engelsk og opna slik: «Dear Måns & Pål. Please find below an urgent letter for the attention of KHiO’s styret.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement