Vinjeåret 2018

Publisert Sist oppdatert

I år er det 200 sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd, 6. april 1818. Jubileet skal feirast med arrangement over heile landet gjennom heile året, og med to store markeringar i Vinje i april og i Oslo i oktober.

For ei lukke det var for Ivar Aasen at han fekk ein mann som Vinje til å ta i bruk landsmålet. Vinje levandegjorde språket på ein måte som ingen andre kunne gjort, i essay, artiklar, kommentarar, bøker og dikt.

Med livsprosjektet sitt, vekebladet Dølen, vart han sentral i utviklinga av norsk journalistikk. Høgdepunktet i Dølen, Ferdaminni frå sumaren 1860, bør lesast av alle. Reiseskildringa er ein kritisk, morosam og mang-slungen studie av det norske bondesamfunnet, skriven av ein moderne tenkjar med eit tydeleg sosialt engasjement.

I dag er det dikta til Vinje som står sterkast. I dikta finn han gong etter gong dei rette orda, og han har ei kjensle ikkje berre for språket, men òg for mennesket og livet i det heile. Aasen fekk rett då han skreiv i minnediktet til Vinje: «Eit annat minne er hans song, som vidt ikring vil finnast; og millom folket mang ein gong vil namnet Vinje minnast.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement