JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Avmakta og vindkrafta

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2140
20190405
2140
20190405

Tanken om at norske bygdefolk i dei mest grisgrendte, vêrherja avhol i landet kan hausta vindkraft og selja henne til konsumentar i meir urbane strok i Noreg og Europa, har vore forførande. Men han står og fell på ein romantisk dansk modell, der landmannen, grunneigaren, eig og driv turbinane som prydar horisontlina deira med vengjer som vinkar og helser heim.

Denne ideen har vore drivkraft for mange artiklar, kommentarar og reportasjar, både i Dag og Tid og andre stader. No er visst den tida over. Vinden blæs framleis over landet, bygdefolka treng stadig ei attåtnæring, og marknaden for rein elektrisitet er større enn nokon gong på grunn av til dømes elektrifisering av vegtrafikken. Kva er det då som har endra seg?

Vindkrafta har endeleg blitt lønsam i Noreg, men berre for dei som satsar stort. Lønsame anlegg krev kraftigare turbinar i høgare master, og fleire i talet enn grunneigarane har råd til. Heller ikkje grunneigarlag er store nok no. Med det er terrenget rydda for eksterne investorar, spekulantar, søringar og det som verre er: utlendingar.

Innan 2020 skal 18 nye vindkraftanlegg stå ferdige i Noreg, 15 av dei har utanlandske eigarar, skreiv Klassekampen i haust. Finske Fortum er til dømes ein stor investor i norsk vindkraft, Prime Capital, pensjonsfondet ÄVWL, det tyske selskapet Luxcara, italienske Falck Renewables, og største kapitalforvaltaren i verda, BlackRock, kjøpte i fjor Guleslettene-prosjektet. Franske Engie og SUSI partners, eit sveitsisk investeringsfond, vil byggja ut Tonstad Vindpark, og så bortetter.

Eigarforholdet påverkar truleg meir enn noko anna inntrykket av ein turbinpark. For her gjeld myrsnipelova: Den vindmølla du eig, vil alltid vera vakker. Den turbinskogen som er prakka på deg, vil alltid vera visuell forsøpling – og i all sin dominerande velde grassat irriterande om du får alle ulempene og ingen av fordelane.

Vindkraft har auka lønsemda, men på vegen mist det beste argumentet sitt, og har i opinionen endra seg frå ein vakker draum om ei ny bygdenæring til noko som tek til å likna på 13 komande Alta-utbyggingar. Det er inga lita endring.

Johan Brox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis