Den norske vindkraftutbygginga har vore særs dårleg planlagd og utgreidd. Mange utbyggingar verkar forhasta og ikkje godt nok forankra i lokalmiljøa. Det verkar nærast som om mange av kommunane ikkje var oppgåva si vaksne då dei inngjekk avtale om utbygging. Konsekvensane ser vi no der utbyggingane skapar stor motstand lokalt.
Det er nok av døme på ein manglande overordna politikk: Mange av dei godkjende vindkraftprosjekta er vedtekne trass i at fleire offentlege institusjonar har hatt sterke innvendingar mot utbygginga.
I motsetnad til vasskraftverka betalar vindkraftselskapa korkje konsesjonsavgift, grunnrenteskatt eller naturressursskatt. Dette er særleg problematisk av di utanlandske selskap i dag eig 50 prosent av vindkraftverka. Og trenden er klar: Mellom 2018 og 2020 var så mange som 16 av 18 nye anlegg eigde av utanlandske selskap. Det treng ikkje vera eit problem i seg sjølv, men den store utanlandske eigardelen burde i så fall vore del av ein aktiv strategi frå Stortinget. Det kan vi ikkje sjå er tilfellet.
Dessutan medfører vindturbinane store naturøydeleggingar og mykje støy, og ikkje minst skapar dei ei stor visuell forsøpling. Det siste er eit poeng som styresmaktene må ta langt meir alvorleg enn dei har gjort, for det er ei stor ulempe å få ei rekkje vindturbinar på eit høgdedrag i den nære synsranda.
Mange lokalmiljø kunne kanskje ha forsona seg meir med den visuelle øydelegginga om ein visste at vindparkane skapte mange varige arbeidsplassar og gode inntekter til heimkommunen. Men vindkraftverka har særs gunstige avskrivingsreglar, og lite av overskotet frå vindkraftproduksjonen hamnar lokalt eller nasjonalt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.