Villaks på raudlista

Publisert Sist oppdatert

Denne veka vart den atlantiske laksen ført opp på den nasjonale raudlista. Denne fisken – lax på norrønt, Salmo salar på latin, er ovundra og ettertrakta, ikkje minst av sportsfiskarar, kokkar og alle matglade.

Han kan verta 1,5 meter lang og over 20 kg. Den største som er teken på stongfiske i Noreg, i Tanaelva i 1951, var på 32,5 kg.

Laksen er omgjeven av mystikk der han kjem symjande inn fjordane frå havet, oppover elvane, gjennom stryk og opp fossar for å gyta i den same elva som han kom frå. Det er ikkje til å skjøna at det går an, og det er umogeleg ikkje å verta fascinert av desse skapningane om du er så heldig å sjå dei i ei klår elv.

Noreg har sjølvsagt eit ansvar for å sikra at denne viktige delen av norsk naturmangfald overlever. Men det ansvaret slit vi med å leva opp til. Frå gamalt av var det overfiske som var det største trugsmålet. No er det eit hav av problem i tillegg.

Eitt er den gigantiske og industrielle oppdrettsnæringa som har pepra kysten vår med tamlaks, lus og sjukdomar. Og frå merdane deira rømmer store mengder tamlaks som gyter saman med villaksen og endrar genmaterialet deira.

Diverre er villaksen ikkje berre truga av oppdrettsindustrien, men også av vasskraftutbygging, forureining og overfiske i somme elvar ­– ikkje minst i Tana, det viktigaste norske laksevassdraget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement