Villaks på raudlista
Denne veka vart den atlantiske laksen ført opp på den nasjonale raudlista. Denne fisken – lax på norrønt, Salmo salar på latin, er ovundra og ettertrakta, ikkje minst av sportsfiskarar, kokkar og alle matglade.
Han kan verta 1,5 meter lang og over 20 kg. Den største som er teken på stongfiske i Noreg, i Tanaelva i 1951, var på 32,5 kg.
Laksen er omgjeven av mystikk der han kjem symjande inn fjordane frå havet, oppover elvane, gjennom stryk og opp fossar for å gyta i den same elva som han kom frå. Det er ikkje til å skjøna at det går an, og det er umogeleg ikkje å verta fascinert av desse skapningane om du er så heldig å sjå dei i ei klår elv.
Noreg har sjølvsagt eit ansvar for å sikra at denne viktige delen av norsk naturmangfald overlever. Men det ansvaret slit vi med å leva opp til. Frå gamalt av var det overfiske som var det største trugsmålet. No er det eit hav av problem i tillegg.
Eitt er den gigantiske og industrielle oppdrettsnæringa som har pepra kysten vår med tamlaks, lus og sjukdomar. Og frå merdane deira rømmer store mengder tamlaks som gyter saman med villaksen og endrar genmaterialet deira.
Diverre er villaksen ikkje berre truga av oppdrettsindustrien, men også av vasskraftutbygging, forureining og overfiske i somme elvar – ikkje minst i Tana, det viktigaste norske laksevassdraget.
Laksen og andre raudlista artar er berre ein liten del av det naturtapet vi ser rundt oss kvart år. Skal vi klara å berga så mange dyre- og planteartar som råd, må vi difor ta betre vare på heile den naturen dei er ein del av. Det høyrest ut som ein naiv festtale, men er det einaste som nyttar.
Til den tid bør vi for villaksens del starta med å gje oppdrettnæringa ein tydeleg tidsfrist for å løysa luseproblemet. Då må lus og andre miljøproblem førebyggjast, det hjelper ikkje med meir akuttiltak som lækjemiddel, reinsefisk og lusespyling. I tillegg må vi stogga veksten av lakseanlegg, og i dei hardast råka områda må mengda av oppdrettsfisk ned.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.