Viktig utspel om integrering

Publisert

Frp har gjort framlegg om full stogg i busetjinga av flyktningar i Oslo. Linda Noor, leiar av den minoritetspolitiske tenketanken Minotenk, gjev delvis støtte til utspelet og skriv i Dagsavisen at ho vil ha ein lang pause i busetjinga av flyktningar i Oslo fordi integreringsproblema er så store i byen.

Det er eit klokt utspel av Noor. Og det er viktig at slike utspel kjem nettopp frå henne og personar og miljø med god innsikt i integreringsutfordringane i Oslo. Personar som på ingen måte kan mistenkjast for å ha innvandringskritiske motiv.

Men utfordringa til Oslo er ikkje berre busetjing av nye flyktningar, for talet på dei er ikkje like høgt som før. Utfordringa er òg at mange flyktningar flyttar til Oslo etter at dei har budd i Noreg ei stund.

Oslo står andsynes store utfordringar når det gjeld integrering. Hadde problema som skulane i ein del bydelar i Oslo slit med, vore på ein skule i Hardanger eller i Valdres, ville det vorte eit heilt anna oppstyr, og tiltaka for å få gjort noko med problema ville stått i kø. Men i Oslo har ein på merkeleg vis slått seg til ro med at slik er det, og tiltaka har ikkje vore gode nok.

Utspelet frå Noor, støtta og dei positive tilbakemeldingane det har fått frå ulike hald, tyder på at vi har fått eit opnare og friare ordskifte om norsk integreringspolitikk. Det siste er avgjerande for å få i stand tiltak som hjelper.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement