Det er ei storhending at Kulturdepartementet denne veka kom med framlegg til ny språklov. Lovframlegget var lansert på dagen 135 år etter jamstillingsvedtaket 12. mai 1885, det viktigaste nynorskvedtaket som er gjort.
Det er historisk sus over framlegget til den nye språklova òg, for det er den fyrste språklova i noregssoga. Og vi treng ei lovfesting av norsk språk for å kunna stå opp mot engelsken, for å sikra mindretalsvernet til nynorsken og for å styrkja samisk og dei nasjonale minoritetsspråka.
Er framlegget godt? I all hovudsak. Viktigast er det at styresmaktene no i lovs form pliktar å halda det norske språket i hevd – og for nynorskens del at nynorsken no er definert i lova som både eit likeverdig majoritetsspråk og eit språk som treng ekstra vern. Som det står i paragraf 1, har styresmaktene «eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket». At slike formuleringar vert stadfesta i ei lov, er særdeles viktig.
Dessutan får fylkeskommunane utvida språkplikter, og dei må svara innbyggjarane på det språket dei nyttar. Før var dette berre eit statleg ansvar. Det tyder at ein nynorskbrukar i Halden no skal kunna få svar frå fylket på nynorsk, og ein bokmålsbrukar på Nordfjordeid på bokmål.
Vi merkjer oss at reaksjonane frå Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum er ulike. Nynorsk kultursentrum har i utgangspunktet ei positiv tilnærming til lovframlegget, medan Noregs Mållag har ei meir kritisk tilnærming.
Vi er på line med Nynorsk kultursentrum her. Det er ting som manglar, men realistisk sett er dette eit opplyftande lovframlegg – for nynorsken òg. No er det opp til Stortinget å handsama lovframlegget på skikkeleg vis og sikra tverrpolitisk semje om den nye lova. Ideelt sett bør Stortinget òg leggja klare føringar for det påfylgjande arbeidet med forskrifter i departementet, slik at heile lovverket til sjuande og sist er i samsvar med Stortingets vilje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.