Viktig momsvedtak

Publisert Sist oppdatert

EFTAs overvakingsorgan, ESA, godkjende denne veka at Noreg kan likestille nyhende på papir og nyhende på elektroniske plattformer. Såleis skal det framleis vera momsfritak for papiraviser – og ein skal ta bort momsen som avisene har på nettutgåvene.

All honnør til regjeringa og alle som har bidrege til å få til dette – som det fyrste landet i Europa. Ikkje minst Landslaget for lokalaviser som heilt frå starten av har stått på for å få til fullt momsfritak, òg då altfor mange i norsk mediebransje gjekk inn for eit kompromiss med felles lågmoms på 8 prosent for papiraviser og på nett.

Og vedtaket er ikkje berre til glede for norske aviser. Det er misforstått. Dette er ei ordning, av mange, som må til for å verna om det norske demokratiet. Den store nedbemanninga av redaksjonane som no går føre seg i norske aviser, og samanslåingane av regionavisene der mykje av stoffet i avisene er felles, reduserer mangfaldet og talet på kritiske røyster og vinklingar i media.

Alvoret bak mediekrisa og den store omlegginga som skjer i avisene, er altfor lite framme i medvitet vårt. Gode presseordningar er ei viktig investering for å sikra eit godt samfunn med god rettstryggleik, lite korrupsjon og eit truverdig politisk system. Difor må regjeringa fylgja opp momsvedtaket med fleire offensive tiltak. Omtalar av mediekrisa har vi nok av. No trengst det handling.

Så må avisene, trass i den vanskelege omstillingssituasjonen dei er i, ikkje gå på akkord med grunnkravet i journalistikken: eit tydeleg og absolutt skilje mellom redaksjonelt innhald og reklame.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement