Viktig korrektiv

Publisert Sist oppdatert

Carsten Jensen og Anders Hammer kom denne veka med boka Krigen som aldri tar slutt. Reportasjer fra Afghanistan. Boka er interessant, og vi treng kritiske søkjeljos på Vestens invasjon og langvarige krigføring i landet. På det meste hadde USA 170.000 regulære styrkar i landet, pluss 207.000 tilsette i private selskap som stod for logistikkoppgåver.

Som forfattarane skriv, gjekk det gale alt frå starten av. USA og Vesten blanda Al-Qaida saman med Taliban og tok ikkje inn over seg at Al-Qaida var ei global jihadistrørsle, og at Taliban berre var ei pashtunsk nasjonal rørsle utan ambisjonar utanfor Afghanistan. Og Taliban ville truleg vore pragmatiske nok til å inngå avtalar med USA etter 11. september for å verta kvitt Al-Qaida.

Såleis kunne krigen vore unngått. Men USA, og seinare Noreg, var fylte av overmot og trygg på siger og ville med krigen innføra demokrati i landet. I dag tilrår USAs kontrollorgan SIGAR politisk forsoning med Taliban.

Afghanistan er i dag ein røvarstat. Forfattarane siterer Sarah Chayes som har analysert den afghanske staten. Ho meiner at landet ikkje vert styrt av eit dårleg statsapparat, men eit nettverk av kriminelle organisasjonar som er i innbyrdes konflikt, men som må stå saman på ein eller annan måte av felles eigeinteresse. Staten vernar ikkje innbyggjarane sine, men stel frå dei.

Og her kjem Talibans suksess inn – ikkje fordi folk stør opp om den religiøse ekstremismen deira, men fordi folk ser dei som nokon som kan få slutt på korrupsjonen og gje folk trua på tryggleik att. Og USA og Vestens krig i landet er langt frå slutt. USAs krigføring held fram, no med dronar, styrde mot mål baserte på ofte upålitelege etterretningskjelder.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement