Vi viste bombevegen i Libya

Publisert Sist oppdatert

«Nordmennene forbløffa oss – de viste vegen. De tok BLU-109-ane (874 kg tunge og 2,4 meter lange bomber) og slo til i sentrum av Tripoli. De gjorde at dei andre vart komfortable med å sleppa bomber» (vår omsetjing).

Sitatet her henta frå ei ny bok, Norge i internasjonale operasjoner, som kom denne veka. I boka diskuterer oberstløytnant og sjef for Luftmaktsavdelinga ved Luftkrigsskulen, Dag Henriksen, den norske bombeinnsatsen i Libya i 2011. Henriksen siterer ei anonym kjelde i Nato som deltok i utveljinga av bombemåla i Libya.

Vi har lenge vist at Noreg var svært aktive under Libya-krigen. No veit vi at vi var endå meir sentrale enn vi trudde.

Som sjefen for Nato-bombinga av Libya, Charles Bouchard, seier i eit sitat i boka: «De var eitt av dei landa ein kunne gå til når det galdt å få ting gjort. De gjorde visse ting som dei andre ikkje ville gjera.»

No skjønar vi kvifor Jens Stoltenberg vart Natos nye generalsekretær.

Korleis går det så i Libya? Dårleg. Landet er i krise. Sentralmakta er svak, og fleire militsar og islamistiske grupper freistar å styrkja seg. Atterreisinga går seint, og landet er i ferd med å verta eit stort smuglarland for narkotika.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement