Vi har mange nok universitet

Publisert

Minister for forsking og høgare utdanning Ola Borten Moe vil sjå nærare på det norske systemet for akkreditering av universiteta våre. Det er «på tide med en gjennomgang for å se om dagens system er unødvendig byråkratisk, og om det er for rigide krav for å bli og forbli universitet», seier Moe til nettavisa Khrono.

Kunnskapsdepartementet seier at målet med gjennomgangen er å gjera regelverket meir treffsikkert og oversiktleg. Det kan sikkert vera greitt nok. Men det som fyrst og fremst trengst no, er eit tydeleg signal frå regjeringa om at vi har mange nok universitet her i landet – heile ti – og 4000 professorar, eller er det 5000?

Og fleire universitet kan det verta: Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Innlandet, Høyskolen Kristiania, VID vitenskapelige høgskole og Samisk høgskule har alle planar om å verta universitet. På engelsk har høgskulane alt teke i bruk universitetsnamnet – Høgskulen i Innlandet kallar seg Inland Norway University of Applied Sciences ute i verda, Høgskulen på Vestlandet kallar seg Western Norway University for Applied Sciences.

Tilbakemeldinga frå Ola Borten Moe og regjeringa til desse høgskulane burde vore: Gløym det sjølvpålagde strevet om å verta universitet. Driv med forsking og dyrk internasjonale kontaktar, ha gjerne eit doktorgradsprogram eller to, men legg fyrst og fremst vekt på å laga ein så solid klassisk høgskule som råd, med vekt på god undervising og eit godt studentmiljø.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement