I 2007 møtte eg den norske ambassadøren i Syria, Hans Wilhelm Longva, som døydde i 2013, til ein uformell samtale på hotell Le Meridian i Damaskus. Den norske ambassaden var då flytta til hotellet etter at den gamle ambassaden var brend ned av islamistar under karikaturdemonstrasjonane i byen. Longva var ein av dei mest røynde og kunnskapsrike diplomatane Noreg hadde i Midtausten. Han var sentral i Oslo-prosessen og hadde gode kontaktar med Yasir Arafat.
Longva sa éin ting tydeleg og klart: «Det er svært mykje negativt å seia om Bashar al-Assad», og han nemnde fleire overgrep som Syria hadde stått for. «Men kva er alternativet?» spurde han.
På den tida hadde det vore mykje snakk om Syria som nestenmedlem av president George W. Bush’ «axis of evil». Longva såg derimot ikkje på Syria som verre enn andre land i Midtausten. Diktatur er det mange av i regionen.
Longva var realist og uroa for at Vesten skulle trø feil og koma til å destabilisera landet. Han trudde ikkje at alternativet til Assad var ei meir demokratisk og sekulær regjering som ikkje støtta Hamas og Hizbollah – som var vona til mange vestlege politikarar og kommentatorar.
Krigen i Syria, og Vestens hjelpeløyse, har på nytt lært oss at Vesten svært ofte trør feil og har heilt urealistiske forventningar til korleis vi kan påverka utviklinga i Midausten – som i Afghanistan, Irak, Libya – og no i Syria. Natos storstilte bombing av Libya, som førde til at Gaddafi fall, gav dessutan syrarar falske voner om kva Vesten i realiteten kunne bidra med då opprøra starta i 2011.
I Syria er situasjonen no svært komplisert. Fleire grupper slåst mot kvarandre: opposisjonsstyrkane, IS, Assad-styrkane, kurdarane og mange andre fraksjonar. Ulike land i regionen stør ulike fraksjonar. Vesten stør opposisjonsstyrkane og Russland al-Assad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.