Verna av vasskraft
Statssekretær Kjetil Vevle mottok i 2022 10.285 underskrifter mot utbygging av verna vassdrag frå naturvernorganisasjonane.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Naturvernrørsla i Noreg er forma i 1970-åra av den stundom heroiske, men ofte tapte kampen for å berga elvar mot å bli lagde i røyr. Men som plaster på såra etter Mardøla, Øvre Otta og Stilla kan Naturvernforbundet i dag slå seg på brystet av di 390 andre vassdrag her i landet no er verna mot utbygging.
Vasskraftlobbyen, dei norske kraftsosialistane og industrieigarane, har på same tid gjort sitt beste for å tørrleggja fossar og elvar og leggja stølsdalar og beiteområde under vatn, og demonstrantar i lenkjer, til dømes i Alta/Kautokeino.
Storofsen Hans har rota til desse tradisjonelle og klåre posisjonane. I Hallingdal blei tusenårsflaumen øvst i vassdraget redusert til ein hundreårsflaum takk vera ansvarleg regulering av vasskraftmagasin lenger nede, skal ein tru kraftselskapet Hafslund. Regulering kan òg vera kulturvern i ekstreme tider.
Urørt natur med skog, myr, bekker og gras er kan hende ikkje lenger nok til å jamna ut flaumtoppane og gjera at elva for folk lenger nede i dalane er til å leva med og ikkje drukna i?
Treng me difor vern mot vern av vassdrag òg? Om me må bu oss på meir vêr av kaliberen til Hans, krevst kan hende no ei fordomsfri utgreiing av føremoner og ulemper med meir regulering?
Nye elvar i røyr treng me ikkje, men nye planar trengst for pumping av overløpsvatn til høgareliggjande magasin via nye tunnelar og turbinar i revers – til prisdempande bruk i tørketider og til balanse for solceller og vindturbinar i mørke og maksvêr.
Slike pumpekraftverk er i flittig bruk på Vestlandet, men ikkje på det flaumråka Austlandet, diverre. Forskingsprosjektet HydroConnect (ved Sintef o.a.) granskar no om og eventuelt korleis pumpekraft kan gjera landet vårt til batteri for heile Europa.
I mandatet til HydroConnect lèt flaumsikring til å spela ei lita rolle, det er den dyre krafta som eventuelt gjer det interessant å vinna ut meir for eksport med pumpekraftteknikken. Om Hans får fram nye samanhengar, kom han ikkje berre til unytte og elende.
Johan Brox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
Trondheimstrioen har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.