«Hva er det viktigste i historien», spurde professor i historie Ludvig Daae studentane sine. Det er Halvdan Koht som siterer: «Ein student svara eitt, ein annan svara hitt, dei fleste svara ingenting. Men så gav Daae sitt eige svar: Det er årstallene.»
Med det meinte han sjølvsagt ikkje at studentane skulle pugga årstal og kongerekkjer i det uendelege, men utan å ha kronologien på plass kan ein ikkje forklara og diskutera kva som er årsaker og verknader i ei historisk hendingsrekkje. Ein må ha greie på tidsfylgja i historia for å kunna seia noko om samanhengane. Likeins for å kunna skjøna endringar i historia.
Den same tilnærminga til historiefaget har ikkje komiteen bak utkastet til nye læreplanar for historie, samfunnsfag og geografi i den vidaregåande skulen, som Utdanningsdirektoratet no har hatt ute til høyring. Det går i motsett retning.
Går planane gjennom, vil kronologien i historiefaget forsvinna. I staden får vi ei rekkje vide og omfattande «kompetansemål» som kunne gått rett inn i pensum ved universiteta. Elevane skal sjølvsagt drøfta problemstillingar og nytta kjelder, men det krev kunnskapar, knaggar og kronologi. Heile planen overvurderer kva elevar i skulen har føresetnader for å læra og drøfta på fornuftig vis i så ung alder.
Kvar skule og kvar lærar vil no kunna leggja opp undervisinga meir etter eigne ynske. Det høyrest flott ut, men faget får ikkje lenger klare og tydelege rammer og tema som det skal undervisast i. Dermed mistar vi eit felles nasjonalt pensum og felles nasjonale læreverk, og vi svekkjer den nasjonale historieforteljinga vår i ei tid då vi treng å samlast om ein brei politisk fellesskap.
Utkastet til læreplanar bør skrotast. Det er ikkje tenleg som utgangspunkt for vidare arbeid med korleis historiefaget skal sjå ut i framtida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.