Verdien av skulen under pandemien

Publisert

Regjeringa vedtok denne veka å opna for meir digital heimeopplæring. No skal skulane òg kunne driva digital heimeopplæring når smittevernnivået er på gult, ikkje berre raudt slik som no.

Føresetnadene er at det berre skal gjelda skular der «det over tid er utfordrende å organisere opplæringen på grunn av mye fravær hos elever og lærere knyttet til pandemien». Og at «elever med særlig behov for det skal ha tilbud på skolen».

Det siste er ei viktig presisering. Men det er nok ikkje berre elevar med «særlige behov», som har trong for eit tilbod på skulen.

Det finst dei som har glede av heimeskulen. Men dei aller fleste treng å gå fast på skulen. Dei treng det sosiale, dei treng å koma ut frå heimen, mange bur i små husvære med liten plass til å konsentrera seg om skulearbeid dag etter dag, og ikkje minst treng dei den struktureringa som den vanlege skulekvardagen gjev.

Difor er det altfor lettvint av regjeringa å gje løyve til meir heimeundervising når det ikkje kan grunngjevast i viktige smittevernomsyn.

Slit skulen med lærarar som ikkje kan vera på skulen på grunn av karantene eller anna, må dei erstattast på eit eller anna vis. Om ikkje anna med reine vakter som syter for ro og orden i klasserommet medan lærarane underviser frå heimen eller elevane driv med eigenlæring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement