Om KrF og Venstre hjelper Framstegspartiet inn i regjering, vil det vera noko av det mest epokegjerande som har hendt i norsk politikk på lenge.
Hovudskiljet i norsk politikk går ikkje mellom Arbeidarpartiet og Høgre, men mellom Frp og dei andre partia. Frp står rett nok fram som meir truverdig under leiing av Siv Jensen enn under Carl I. Hagen, men er framleis eit populistisk parti som legg vekt på enkle løysingar.
Partiet kan ha gode poeng i mange einskildsaker og kan såleis vera ein grei forhandlingspartnar frå sak til sak. Men for å stø dei eller sitja i same regjering må ein ha same grunnsyn og tilnærming til politikken. Ein må vilja at politikken og samfunnsutviklinga skal gå i same hovudretning.
Skal ein ta partiprogramma til KrF og Venstre på alvor, er det difor vanskeleg å skjøna kvifor dei to partia held dørene opne for ei regjering med Framstegspartiet. Det er nok å nemna klimapolitikken som eit døme på kor stor skilnaden er.
Lars Sponheim meinte det var ein avgrunn mellom Venstre og Framstegspartiet. Kva har hendt sidan som har endra dette? Sjølvsagt at Sponheim tapte valet og fall ut av Stortinget.
Difor kjem Venstre og KrF i dag med uklare svar på kva dei vil gjera om dei borgarlege partia kjem i fleirtal, og lèt det henga att ein tvil til veljarane om kva dei eigenleg kjem til å gjera til slutt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.