Venstre har skapt Dei Grøne
Frp er ein av valtaparane. Truleg av minst to heilt ulike grunnar: for mange ufine og ubehagelege kommentarar frå partimedlemer om flyktningkrisa – og paradoksalt nok har dei i regjering samstundes vore for ansvarlege i den generelle flyktningpolitikken til å halda på innvandringskritiske veljarar.
Partiet i regjering har mist brodden og vorte likare dei andre. Ein får ofte inntrykk av at enkelte av Frp-statsrådane er høgrefolk. Såleis har regjeringssamarbeidet vore bra – for det har normalisert partiet.
Men sjølv om Frp i regjering har vorte meir lik Høgre i regjering, står noko fast: partiprogrammet. Det er for ulikt partiprogrammet til Høgre og ikkje minst ulikt programma til støttepartia Venstre og KrF. Resultatet er ei stadig usemje mellom støttepartia og Frp.
Det er såleis merkeleg at Venstre og KrF framleis ser seg tente med å støtta Frp og sikra partiet regjeringsposisjon. Ei regjering skal tenkja og handla langsiktig og staka ut kursen for politikk i årevis framover.
Ein gjer ikkje ein vesentleg skilnad ved å få gjennomslag i einskildsaker. I vår tids viktigaste sak, klimasaka, trengst ein heilskapleg politikk – og ein vilje og ei kraft til å få til ein snunad. At Venstre og KrF ser denne viljen i Frp, er vanskeleg å skjøna. Difor blir vi òg til slutt uttrygge på kva KrF og Venstre står for. Det same som råka SV i regjering, særleg etter den norske massive Libya-bombinga, med støtte frå SV.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.