Varsku her, Unesco der

Publisert Sist oppdatert

Den siste veka har vi sett fleire negative følgjer av turisme i media. Dagbladet har intervjua siddisar frå trehusmiljøet i Stavanger som er lei av nærgåande cruiseturistar som ikkje respekterer privatlivet deira. Cruiseskipet ligg som ein vegg mot fjorden, og røyken sotar ned husa. Om cruiseskipa etter kvart går på batteri, løyser ikkje det problemet med turistar som trur dei er på museum i bustadstrok.

Turisthatet veks i europeiske byar. Dels fordi innbyggjarar misser bustadene sine når huseigarar vil tene ekstra pengar på turistar. Dels fordi turismen fører med seg ekstra slitasje og forsøpling. Dels fordi mange turistar gløymer at dei er i ein by og ikkje på badestranda. I Venezia vert det skrive ut bøter til turistar som går med berr overkropp.

Mange land slit med masseturisme eller såkalla overturisme. I Lijiang mellom Tibet og Kina vert innbyggjarane fortrengde av millionar av turistar årleg, skriv Le Monde. Turistar går i kø til Preikestolen, Macchu Picchu og fjellet Uluru i Australia. Etter ynske frå det australske urfolket vert det forbod mot å klatre i det heilage fjellet frå oktober i år, skriv VG. I sommar strøymer så mange turistar til at infrastrukturen sviktar.

Verdsarvkomiteen i Unesco var nyleg samla i Baku i Aserbajdsjan. Der sette komiteen 29 nye stader på verdsarvlista. Komiteen vurderte òg statusen til 166 noverande verdsarvstader: seks risikerte å hamne på lista over truga verdsarvstader, to kunne misse statusen.

Verdsarvoppdraget til Unesco er mellom anna å tilby naudhjelp til verdsarvstader i fare og oppmuntre til internasjonalt samarbeid om vern av kultur- og naturarven i verda. No kan det paradoksalt nok sjå ut som verdsarvstatusen fører til det motsette somme stader: meir slitasje enn vern.

Det er verdsarvstadene sjølve som har ansvaret for å ta vare på verdsarven. Kan hende bør verdsarvkomiteen stille strengare krav og ta verdsarvstatusen frå fleire i håp om å stagge hordane av turistar som følgjer straumen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement