Vår største
utfordring
Rapporten som FNs klimapanel la fram denne veka, er skremmande lesing. Klimautsleppa må reduserast med 40–50 prosent innan 2030 om vi skal avgrensa den globale temperaturauken til 1,5 gradar, meiner klimapanelet. Å koma med slike konkrete mål er ikkje uproblematisk, men vi lèt det liggja her.
Vi har i alle høve kort tid på oss om vi skal hindra ei global oppvarming som vil skapa store vanskar for verdas befolkning. Diverre er 1,5-gradarsmålet alt urealistisk. Skal vi klara det, må vi innan 2030 få ned oljeforbruket med 40 prosent og kolforbruket med 80 prosent, og 60 prosent av elektrisiteten må i 2030 koma frå fornybare energikjelder.
Alt dette må vi få til samstundes som mange statsleiarar meiner at verda ikkje står overfor alvorlege menneskeskapte klimaendringar. Også i land der leiarane seier at dei tek klimaendringane alvorleg, går politikken i feil retning. I mange land blir det framleis investert stort i utbygging av nye oljefelt, og Noreg er eitt av dei. Rundt i verda er det òg svært mange nye kolkraftverk på veg. Berre i fjor var det 1600 nye kolkraftverk under planlegging eller utbygging.
Skal vi hindra ei farleg global oppvarming, krevst det ei økonomisk nyorientering og vilje til å gjennomføra ein global dugnad som vi aldri har sett tidlegare. Ein kan ikkje møta dei internasjonale klimaproblema med einskildtiltak, eller berre med ei gigantisk satsing på teknologisk utvikling. Krisa utfordrar heile det politiske systemet og dei økonomiske tenkjemåtane våre.
Sjølv om vi ikkje når 1,5-gradarsmålet, og truleg heller ikkje 2-gradarsmålet, har alt vi får til av tiltak for å hindra global oppvarming, stor verdi. Og vi veit no mykje om kva situasjon vi kan hamna i om vi held fram som før. Alt anna enn ein tydeleg og overordna klimapolitikk er eit svik mot framtidige generasjonar.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.