Vald slår tilbake

Publisert

Demonstrasjonen mot Sian i Oslo sist helg var ein føreseieleg affære, på same vis som i Bergen veka før. Utanfor Stortinget stod ein liten Sian-gjeng og kom med hatefulle utrop – og 400 motdemonstrantar og nokre tital såkalla antirasistar som tydde til bråk og hærverk.

Det heile var ei nedslåande framsyning, og dei store media dekte demonstrasjonen minutt for minutt med direktesendingar på TV og nett. Såleis gjorde dei demonstrasjonen til noko viktigare enn han burde vore.

For Sian er ei marginal gruppe, og det var få som deltok på motdemonstrasjonen – ­og få av desse att som tydde til vald. Dei aller fleste her i landet er samde om at Sian-demonstrasjonane best kan møtast med å oversjå dei.

Men på grunn av valden oppnådde motdemonstrantane korkje sympati eller støtte i arbeidet mot rasisme. Snarare tvert om. Dette fører berre til meir stigmatisering av innvandrarungdom med bakgrunn frå muslimske land.

Det er grunn til å vera uroleg over valden frå desse ungdomane. Særleg fordi politiet fortel om lægre terskel for å ty til vald i visse ungdomsmiljø, og fordi dei ikkje syner respekt for pålegg frå politiet.

Difor er det urovekkjande at somme politisk aktive på venstresida, mellom anna i Raudt i Oslo, ikkje tek tydeleg avstand frå måten motdemonstrasjonen føregjekk på, og på lettvint vis skuldar politiet for å ha elda opp demonstrantane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement