Uverdig prosess
Altfor seint, sjølvsagt, men endeleg har Den norske Forfatterforening gjeve 17 norske forfattarar ei offentleg orsaking for at foreiningas eigen «rettsinstans», den såkalla æresretten, dømde dei for å ha «sviktet den nasjonale sak», som det heitte, og «gjort sig uverdig til å være foreningens medlemmer», i 1945.
Dei 17 forfattarane er Per Arneberg, Stein Balstad, André Bjerke, Ejlert Bjerke, Johan Bojer, Waldemar Brøgger, Theodor Dahl, Audun Hierma, Trygve Hjort Johansen, John Klepzig, Alf Larsen, Georg Wasmuth Sejersted, Olav Sletto, Ragnar Solberg, Harald Thaulow, Thorvald Tu og Herman Wildenvey.
Denne saka er ei trist historie. Som leiaren i forfattarforeininga i dag, Heidi Marie Kriznik, seier: «Det ble handlet på en del rykter og følelser, på altfor tynt grunnlag.»
Diverre var det internt i foreininga liten motstand og strid om opprettinga av «retten» og retningslinene for arbeidet. Og det gjekk fort. Alt arbeid var ferdig og alle dommar var klare på eit halvår.
Sjølve domsvedtaket vart gjort på foreiningas julemøte 13. desember – alt tragisk skildra i Nils Johans Ringdal bok om forfattarforeiningas historie frå 1993 og Dag Solhjell og Hans Fredrik Dahls bok Men viktigst er æren frå 2013.
52 medlemer møtte opp på restaurant Telle i Oslos for å røysta over kjenninga til «retten». Dei fleste visste ikkje kven som skulle opp til doms før dei kom på møtet. Sjølve «rettsforhandlingane» liknar ein farse. Det var ingen realitetsdebatt om saka til kvar einskild forfattar, og ingen fekk møta for å kunna forsvara seg.
Namna og dei ulike straffene vart lesne opp: Wildenvey fekk «reprimande», Stein Balstad fekk beskjed om at «man finner det sømmelig at han ikke utgir bok i år», Andre Bjerke og Olav Sletto fekk «inndragelse av inntekt» og så vidare. Alle sakene vart røysta over i eitt, og dei tiltala forfattarane vart dømde med 27 mot 12 røyster.
Tap av inntekt var éin ting, like vanskeleg for den einskilde var audmjuking, stigmatisering og i praksis publiseringsforbod og boikott frå både aviser, tidsskrift og forlag i mange år framover. Rettsprosessen var ikkje ein rettsstat verdig. På nytt vert vi minna om kor viktig det er at vi til kvar tid handhevar rettsprinsippa våre strengt og prinsipielt.
Svein Gjerdåker
MERKNAD: Leiaren hadde opphavleg tittelen «Reinvaska», som var misvisande. Likeins setninga: «Men no er altså kvar og ein av dei endeleg reinvaska offentleg.» Meininga var å kritisere den uansvarlege prosessen til æresretten, ikkje kva den einskilde forfattar måtte ha meint og gjort under krigen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.