Utolelege valdstal

Publisert

Rapporten om vald og overgrep i Noreg som kom denne veka, er nitrist lesing og må takast på aller største alvor. 4300 personar i alderen 18–74 år var med i undersøkinga. I ei eiga innvandrarundersøking deltok 802 personar.

40 prosent av dei spurde i hovudstudien fortel at dei har vore utsette for alvorleg fysisk vald. Blant mennene har over halvparten opplevd slik vald. Ein må spørja seg, som òg forfattarane av rapporten gjer, om fysisk vald nærast kan sjåast på som eit normalfenomen.

Endå meir opprørande er det at undersøkinga syner at éi av fem kvinner har vore utsette for valdtekt med makt, ved sovevaldtekt eller begge delar. Tala er ikkje til å leva med.

Menn og kvinner er utsette for ulike typar vald. Kvinner i større grad for gjentakande vald, vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep som valdtekt og digitale seksuelle krenkingar. Menn vert oftare råka av alvorleg fysisk vald i det offentlege rommet.

Alle slike spørjeundersøkingar har sine svake sider. Særleg innvandrarundersøkinga i dette tilfellet, der mange av dei som var trekte ut, sa nei til å delta i studien. Responsraten i den undersøkinga vart difor svært låg.

Omfanget av valden som kjem fram i hovudstudien, er svært høgt. Tala er knapt til å tru, og ein kan fort mistenkja dei for å vera for høge. Difor må studien verta utsett for kritikk, diskusjon og nye studiar, for å bidra til at kunnskapen om vald og overgrep vert best mogeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement