Utgreiing av liten verdi

Publisert Sist oppdatert

Utanriksminister Børge Brende var denne veka i Stortinget og gjorde greie for Noregs Afghanistan-innsats dei siste 15 åra. Ei viktig hending som mange har venta på. Utgreiinga var ei oppfølging av den kritiske rapporten til det regjeringsoppnemnde Godal-utvalet frå i fjor.

Det har gått svært dårleg med Afghanistan, for å seia det nøkternt. Difor var det var merkeleg å sitja i stortingssalen å høyra på Brende. Etter kvart som tida gjekk, skjøna ein at utanriksministeren ikkje kom til å koma med nokon reell kritikk av det norske engasjementet. Opptrinnet er ein studie i korleis ein skal strigla denne typen talar.

For trass i problema i Afghanistan er landet ifølgje Brende likevel «et ungt, om enn skjørt demokrati». Og «Kvinners rettigheter i Afghanistan er blitt styrket». Og sjølv om det er korrupsjon i landet «så finnes det planer for å bekjempe korrupsjonen».

Og sjølvsagt er det positive ting som har hendt. Det internasjonale samfunnet har trass alt nytta 4500 milliardar kroner i militære utgifter, og over 350 milliardar kroner i den sivile innsatsen dei siste 15 åra i Afghanistan.

Børge Brende nemnde berre talet på éi gruppe drepne: dei 3000 i tvillingtåra i New York. Vi kan leggja til nokre andre tal per 2016: 3496 internasjonale soldatar er drepne, over 23.000 afghanske militære og politi er drepne, 35.000 opprørarar er drepne og nesten 30.000 afghanske og internasjonale sivile er drepne. Og samstundes som Brende stod på talarstolen i Stortinget, omkom 100 i Kabul etter eit talibansk sjølvmordsåtak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement