Utfordringane til politiet
Regjeringa vil omorganisere politiet – kraftig. Politidistrikta skal verta meir «robuste», meir tilgjengelege og synlege, skal tilby betre tenester og sikra kortare responstid. Alt dette skal skje ved å slå saman 27 politidistrikt til 12. Føresetnaden til regjeringa er at den nye organisering «ikke medfører mer byråkrati og virker kostnadsdrivande».
Ser ein på andre reformer, er det nettopp det som er den store vansken og den store risikoen. Slike store reformer er så krevjande å få til og har stor sjanse for å kosta mykje meir enn planlagt, same kor ofte ein nyttar ordet «robust».
Men i seg sjølv er ikkje ei avgrensing til tolv politidistrikt noko problem. Bispedømma er elleve, lagdømma seks. Det treng ikkje verta større avstand mellom politiet og folket om det overordna byråkratiet vert stramma inn. Det avgjerande er at dei lokale politi–?og lensmannskontora er sterke nok.
Uansett talet på politidistrikt bør ein starta med å frita politiet for ei rekkje praktiske og administrative oppgåver som andre kan gjera like godt. Rapporten nemner sjølv slike aktuelle oppgåver, som utskriving av pass og meldingsordninga for EØS-arbeidstakarar, skiltmyndet til Statens vegvesen, administrering av skjenkjeløyve, ta imot varsel om kremering osb. Politiet må driva med éin ting: nedkjemping av kriminalitet.
Dessutan er ikkje organisering det overordna problemet til politiet, men den kraftige underbemanninga og mangelen på pengar. Politidrift er svært dyrt. Eit mindretal av brotsverka i dag vert oppklara. Altfor mange saker vert lagde til sides, i pressa situasjonar, til og med valdtektssaker. Påtalearbeidet er mykje meir krevjande enn før sidan kravet om dokumentasjon er strengare. Utlendingssakene er fleire enn før. Politiet må ha fleire tidkrevjande utsjekk av våpen og driva med lange og mange fangetransportar frå fengsel til retten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.