For jødane er Jerusalem Israels evige og udelelege hovudstad. I Bibelen vart Jerusalem gjort til hovudstad alt for 3400 år sidan av kong David, gjetarguten som vart sjølve idealskapnaden i jødedomen. Og i Jerusalem ligg Klagemuren – den viktigaste og heilagaste staden for jødane.
Problemet er at palestinarane og muslimane meiner like sterkt at Jerusalem har ein særeigen plass i trua deira. Al-Aqsa-moskeen på tempelhøgda i byen er den viktigaste heilagdomen for muslimane, etter Kaba og Muhammeds grav.
Ein kan lika eller mislika at religion spelar ei sterk rolle for politikk og synet på verda, men slik er no ein gong realiteten i Midtausten og Jerusalem. Det er difor klokt å ta omsyn til dette i praktisk politikk.
I tillegg må det faktumet at Israel har okkupert og annektert Aust-Jerusalem, påverka korleis det internasjonale samfunnet utformar politikken i området. Annekteringa av Aust-Jerusalem er uakseptabel, i strid med folkeretten og fordømd av verdssamfunnet.
Ein kan skjøna at Israel vil ha Jerusalem som hovudstad, på same måte som palestinarane vil ha Jerusalem som hovudstad i ein eventuell framtidig palestinsk stat. Men i dag er ikkje dette mogeleg å få til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.