USA vil no gje våpen til opprørarane i Syria. Det er modig når vi ser kor mange alliansar, grupperingar og motsetningar som denne krigen omfattar. Dette er ikkje ein enkel tofrontskrig, men ein krig med ei rekkje ulike konfliktliner:
Det noverande regimet i Syria har støtte frå Baath-partiet, den alawittiske befolkninga, store delar av den sunnimuslimske handelsborgarskapen, mange av dei kristne og andre minoritetar i landet. Meir avventande er kurdarane og drusarane. Dessutan er det fleire sunnigrupperingar som er kritiske til regimet, men som er mot væpna opprør.
På den andre sida støttar Den muslimske brorskapen opprøret til liks med fleire sekulære grupper. Blant sjølve dei krigførande opprørarane er det tre hovudgrupperingar: Free Syrian Army – desertørar frå den syriske hæren – ulike islamistgrupper, med Al-Qaida-folk frå Irak i spissen – og lokale militsgrupper. Alt dette er berre internt i Syria.
Så har vi landa rundt. Iran stør Syria med våpen. Hizbollah i Libanon stør regimet i Syria med både våpen og soldatar. Saudi-Arabia og Qatar stør opprørarane med våpen. I Irak er det ei historisk rivalisering med Syria. Så sjiamuslimane er meir avventande, medan dei irakiske sunnimuslimane truleg stør opprørarane.
Libanon er delt. Likeins palestinarane. Jordan held seg i bakgrunnen, men stør opprørarane når dei vert pressa til det. Tyrkia stør opprørarane, men ikkje med våpen. Israel er nøytral, men vil nok helst ha det noverande regiment enn det som kan koma i staden. Egypt stør opprørarane, men ikkje med våpen. Det gjer derimot islamistane i Libya.
Slik kan ein halda fram. Inn i denne særs kompliserte konflikten skal altså USA bidra med våpen. Det er svært uheldig. Ikkje minst av di ein ikkje kan vita kvar våpna hamnar til slutt. Kva garantiar har USA for at våpna ikkje hamnar hjå Al-Qaida og slik kan enda opp i ein heilt annan konflikt i eit anna land? Sjølvsagt ingen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.