Urovekkjande russisk utspel

Publisert

Sundag 9. februar er 100-årsdagen for Svalbardtraktaten som vart underteikna på fredskonferansen i Versailles i 1920. Traktaten gjev Noreg herredøme over Svalbard, med nokså fri tilgang til området for alle innbyggjarar og selskap i signatarstatane. I dag har i alt 44 land slutta seg til og ratifisert traktaten.

Norsk politikk i alle desse 100 åra har vore at Svalbardtraktaten «en gang for alle» gjev Noreg herredøme over Svalbard. Det er òg norsk politikk at norske styresmakter – storting og regjering – avgjer kva for lover og forskrifter som skal gjelda der.

Difor er brevet som det russiske utanriksdepartementet har sendt til det norske utanriksdepartementet i høve 100-årsdagen denne veka, urovekkjande. I brevet er russarane kritiske til fleire sider ved den norske styringa av Svalbard, og dei kallar den norske fiskevernsona rundt Svalbard urettmessig.

Brevet kan knapt tolkast på annan måte enn at Russland no legg opp til bilaterale forhandlingar med Noreg om styringa av Svalbard.

Dette er sjølvsagt i strid med både Svalbardtraktaten og norske interesser. Russland, eller andre land, har ikkje og skal ikkje ha innverknad og ansvar for styringa av Svalbard. Det er det Noreg som skal ha, ifylgje traktaten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement