Urovekkjande intensivkapasitet

Publisert

Denne veka fortel Dag og Tid om den urovekkjande låge kapasiteten ved intensivavdelingane på norske sjukehus. Noreg er av dei vesteuropeiske landa med dårlegast kapasitet og har 33 prosent færre intensivplassar i høve til folketalet enn til dømes Italia. Kven hadde trudd det?

Sjølv om det ikkje finst fullgod historisk statistikk, tyder mykje på at kapasiteten var større for eit par tiår sidan, sjølv om folketalet i Noreg har auka mykje i mellomtida. Problemet med nedgangen i intensivplassar blir forverra av at den generelle sengekapasiteten i Noreg er sterkt redusert. Norske sjukehus er ofte fulle, og pasientar kan difor bli liggjande på intensiven lenger enn det var meininga.

Denne nedbygginga har skjedd trass i den varsla eldrebylgja. Talet på eldre over 70 år vil auka frå 11 prosent av befolkninga i 2017 til 16 prosent i 2040, og trongen for intensivsenger kan auka opp mot 25–30 prosent.

Konsekvensane av ein låg intensivkapasitet er mellom anna fleire utsetjingar eller avlysingar av operasjonar, og flytting av svært sjuke pasientar mellom sjukehus.

Og no har vi altså fått koronakrisa, som kan gjera trongen for intensivplassar ved sjukehusa ekstra­ordinær. Situasjonen vi no står i, er på mange måtar ei alvorleg realitetsorientering. Det må få konsekvensar når vi ein gong er komne gjennom denne krisa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement