Uro for aukande antisemittisme
Det Mosaiske Trossamfund åtvara denne veka om aukande uro for jødehat i Noreg.
Det Mosaiske Trossamfund i Oslo.
Foto: Thomas Winje Øijord / NTB
Det Mosaiske Trossamfund åtvara denne veka om aukande uro for jødehat i Noreg. Bakgrunnen er terroraksjonen til Hamas der 1400 menneske, dei fleste sivile, vart regelrett skotne ned, mange på bestialsk vis, og den no pågåande israelske bakkeinvasjonen og bombinga av Gaza der fleire tusen sivile, mange av dei born, så lagt er drepne.
I brevet skriv Det Mosaiske Trossamfund at på sosiale medium «ser vi mye norskspråklig antisemittisk innhold», at det på offentlege demonstrasjonar har vore «flere grove og truende antisemittiske ytringer», og at dei i media har sett «referanser til tradisjonelle antijødiske stereotypier.»
Konsekvensen av slike ytringar, skriv dei, er at fleire medlemer dei siste dagane blant anna har opplevd truande hendingar mot heimane sine fordi dei er jødiske, og at stadig fleire no skjuler si jødiske eller israelske tilknyting.
Ein må sjølvsagt kunna ha tydelege synspunkt og vera mot Israels bakkeinvasjon i Gaza. Israel-kritikk er ikkje antisemittisme. Men ein må like sjølvsagt skilja klart mellom jødar og kva styremaktene i Israel måtte meina og gjera.
Men diverre er det mange som ikkje vil sjå den skilnaden. Dette er ikkje noko nytt. Slik har det vore i mange år. Eit døme får vi frå Jødisk Museum i Oslo som for over ti år sidan sende ut invitasjon til vidaregåande skular: «Kom til Jødisk Museum i Oslo og lær om jødisk historie i Norge».
Frå ein samfunnsfagslærar fekk dei følgjande svar: «Hei! Takk for informasjonen dere har sendt ut. Vi kommer tilbake med ønsker om datoer for besøk når Palestina har fått sin egen stat, og når Israel finner andre løsninger på konflikten enn bruken av bomber.»
Slike tilbakemeldingar er urovekkjande.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.