I 2001 kom ei kvinne til Noreg og søkte om asyl. Ho sa til norske styresmakter at ho var frå Somalia. Det var lygn, for ho er frå Djibouti. Det er mange som har kome med same lygna. For er ein frå Djibouti, får ein ikkje asyl og opphald i Noreg. Det kan ein derimot få om er frå Somalia.
I 2014 sende UDI varsel til kvinna (ho var no gift med ein norsk statsborgar og hadde tre born, som alle i dag er under 15 år) om mogeleg tilbakekalling av det norske statsborgarskapet og utvisning. Fyrst då gav ho opp rett identitet og kvar ho eigenleg kom frå. I 2015 vart ho så utvist frå Noreg med to års innreiseforbod. Deretter har saka gått i rettsapparatet, før Høgsterett like før jul stadfesta vedtaket om utvising i to år.
Som høgsterettsdomen seier, har vedkomande «bevisst forsøkt å utnytte asylinstituttet for å etablere seg i Norge og har lagt frem falske dokumenter. Hennes oppholdstillatelser og norske statsborgerskap er innvilget på uriktige premisser».
Slik kan vi ikkje ha det. Det er difor viktig at norske styresmakter avslører lygn og ikkje gjev asyl til personar som i røynda ikkje har trong for det. Berre på den måten kan vi sikra asylinstituttet for framtidige reelle flyktningar.
Det er likevel grenser for kva ein kan gjera under ei slik innstramming. Høgsterett legg vekt på at innreiseforbodet er avgrensa til to år, og at familien kan ha kontakt i feriar, i Djibouti eller andre stader utanfor Schengen-området, «at de kan kommunisere løpende via telefon og sosiale medier».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.