Unødvendig rangering

Publisert Sist oppdatert

Rangering av skular for ungdom er ein uting. Denne veka kom ein ny rangering av Noregs 359 vidaregåande skular – diverre finansiert og initiert av kunnskaps-minister Torbjørn Røe Isaksen (H). Målet med studien har vore å få «kunnskap om kvalitet og kvalitetsforskjeller mellom videregående skoler».

Slike rangeringar vert sjølvsagt lagde merke til. Landet over har aviser skrive om kven som kom best og dårlegast ut. «På 349-ende plass av 359», «på sisteplass i fylket med en score på 1,8», «havner helt på bunn i fylket, med 2,4», «dårleg ut i undersøking» osb.

Og sjølv om skulen plasserer seg greitt på landsbasis, kan han likevel vera dårlegast i fylket eller i byen han er i. Så taparlista vert til slutt ganske stor.

Det er argument for slike rangeringar. Dei gjer at ein kan identifisera dei dårlege skulane og koma med mottiltak. Det kan skjerpa skulane til å bli betre, og det set merksemd på kvalitet i skulen.

Men dette må ein kunna gjera på andre måtar enn slike rangeringar. For her er ulempa større enn vinstane. Rangeringane er stigmatiserande og gjer det til ei stor belastning å hamna blant dei dårlegaste skulane. Dette gjeld både for elevane og lærarane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement